Rakfisklag er for mange ei av førjulstida sine høgdepunkt, der ein samlar vener rundt bordet til mat og drikke. Rakfisklag vert halde over heile landet, sjølv om rakfisken første og fremst er matkultur frå innlandet og finnast det eit utal av klubbar og foreiningar over heile Norge som er stifta i rakfisken sitt namn.
Ivar Aasen skriv at ordet rak betyr «suur, gjennemsyret; om Fisk ved en vis Behandling er bleven meget mør eller blød og tillige har faaet en skarp syrlig Smag». Rakfisk er lett å forberede til selskap og dersom du vil starte rakfisklagtradisjon, så kjem tipsa her. Velbekomme!
RAKFISK: Rakfisken er ferdig moden og
serveringsklar, det er tid for rakfisklag!
Norges Sjømatråd, Esten Borgos.
|
Ingrediensar til 4 porsjonar
1,4 kg heil rakfisk
1 stk purre
1 stk lauk
pepar
Tilbehør
potet
lettrømme
flatbrød
potetlefse
Framgangsmåte
Ta skinnet av rakfisken, fileter den og skjer i bitar.
Kok og skrell poteter.
Skjer lauk og purre i tynne skiver.
Ha rakfisken på fat saman med kokte poteter, lauk og purre.
Kvern over litt pepar
Tips på bordet til tradisjonelt rakfisklag:
- Godt flatbrød, gjerne erteflatbrød høyrer til.
- Lefser, gjerne av potetlefser.
- Hardkokte egg.
- Mandel- eller ringerikspoteter.
- Lauk i ulike variantar for ulike smaker: Purre, raudlauk, vanlig gul lauk, graslauk.
- Seterrømme, eller Røros-rømme. Bland gjerne rømme og lauk saman.
- Godt ekte smør, for eksempel Røros smør eller Kvitseidsmør.
- Øl og aquavit er vanleg å drikke til, men ein god eplemost er eit godt alkoholfritt alternativ.
- Enkelte nyttar også kålrotstappe og ertestuing som tilbehør.
- Raudbetar eller raudbetsalat.
- I Østerdalen er rakfisk til rømmegraut ein tradisjon.