lørdag 13. oktober 2018

Lag wrap med tex mex-fisk ute på bål


Haustferien er på hell og for dei som har hatt skulefri har det blitt ein smak av sol innimellom regnbygene denne veka. Å ha ferie og fri betyr for mange å ta med seg maten ut for å nyte friluftslivet og å lage mat på bål. Bålgrilling er ein del av norsk identitet og kultur, og friluftsmåltidet har høg matkulturell status.

Lukta av bål er ofte forbunde med lukta av pølser og lomper, men i denne helgas matspalte kjem eit sunnare alternativ til bålkos som smakar godt for store og små. Vi nordmenn elskar tacos og tex mex, og tacokrydder er ypperlig til panering av fisk. Fisk med texmex panering steikt ute på bålpanne saman med salat og grove tortillaswraps er både kjekt å lage og eit sunt og fullverdig måltid.

Ein kort eller lang tur ut saman med familie og venar gir ei gode naturopplevingar, friskt luft og gjer deg svolten. Berre flammane av bålet gir velvære i kropp og sjel og når måltidet i tillegg smakar godt er det lett å smile og du vil kjenne deg sunn og sterk!


BÅLKOS: Lag wrap med tex mex-fisk ute på bål. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.


INGREDIENSAR til 4 porsjonar:

500 g sei- eller laksefilet, utan skinn og bein
½ dl kveitemjøl
1 ss tacokrydder
olje
plastpose

TILBEHØR
4 stk grove tortillawrap
½ stk isbergsalat
½ stk agurk
1 stk gulrot
50 g mais
2 ss tacosaus
4 ss kesam
Grillfolie

FRAMGANGSMÅTE
Skjer fisken i terningar på 3 cm. Bland kveitemjøl og tacokrydder i ein tynn plastpose. Ha fisken i posen saman med mjølblandinga og bland forsiktig. Varm litt olje på ei steiketakke eller bålpanne, og steik fisketerningane. Snu fisken forsiktig når den har fått god steikeskorpe. Fisken skal sprøsteikast.

Tilbehør

Pakk tortillawraps inn i grillfolie og varm dei. Vask og reinsk isbergsalat og agurk, og skjer dei i tynne strimlar. Vask, reinsk og riv gulrota på eit rivjern. Fyll tortillawraps med salat, agurk, gulrot og mais. Legg fiskebitane over og topp med tacosaus og kesam. Pakk saman og server.