I dag vil eg skrive om vitamin D. Sola er vår
viktigaste kjelde til vitamin D og av matvarer av betydning som gir vitamin D
vil eg nevne feit fisk (t.d. sild, makrell, ål, laks) og fiskelever. I Norge
har vi nokre plantemargarinar og meieriprodukt som er berika med vitamin D, men
desse produkta utgjer ikkje heile dagsbehovet.
Dei nasjonale kosthaldsråda har kun ei anbefaling
når det gjeld kosttilskot og det er å bruke tran som inneheld vitamin D kvar
dag. Tran i flytande form er for enkelte heilt greitt, medan andre kjenner
ubehag med smaken. Trankapslar derimot kan ei svelge heile til eit glas vatn og
all ubehag er borte. Dersom du ikkje et feit fisk og fiskelever mange gongar
per veke eller er jamt i «syden» vinterstid, er det ingenting å lure på -
begynn med tran i dag!
Vitamin D gir deg saman med kalsium (mjølk, yoghurt,
kvitost, grønsaker) sterkt skjelett og tenner. Andre gevinstar er betre immunforsvar
og normal muskelfunksjon. Tenk over kor lett ein kan få slike flotte gevinstar! Denne helgas fiskerett var vinnar av
Kokkesprell 2017 og er ei frisk og god oppskrift utvikla av elevar ved
Sverresborg skule. Sashimi kan ein bruke som eigen rett eller til forrett.
Retten har ei god D-vitamindose, så her kombinerer ein altså matglede med
vitamiar. Ha ei sunn vinter med tran!
SASHIMI: Vitaminpåfyll med Sashimi ala Mathias. Foto: Norges
Sjømatråd, Marianne Aaronsen.
|
INGREDIENSAR
til 4 porsjonar:
400 g laksefilet
1 ts pepar
1 ts cayennepepar
1 ts chilipulver
1 ss olje
Ponzusaus
½ dl soyasaus
½
dl limesaft
2
ss riseddik
1 raud chili
3 fedd kvitlauk
2 ss frisk koriander
1
½ ss sukker
Eple- og feldsalat
½
pose feld- og babyleaf salatmix
¼
potte frisk koriander
1
grønt eple
2 ss kaldpressa olivenolje
FRAMGANGSMÅTE
Bland krydder og dryss dette på yttersiden av
laksefileten. Ha olje i ei steikepanne og varm godt opp. Steik laksefileten
raskt i ca. eitt minutt på ei side. Ta fisken ut av panna.
Ponzusaus
Bland soyasaus, safta av ein halv lime og riseddik
i ei skål. Finhakk chili, kvitlauk og koriander. Bland alt saman i skåla og
smak til med sukker. Rør godt rundt, og sett sausen til side.
Eple- og feldsalat
Grovhakk salat og koriander. Skjær eple i båter. Bland i skål og slå olivenolje over.
Server straks.