Fiskegrateng er ein tradisjonsrik norsk rett som dei fleste
kjenner frå barndomen. I min barndom var fiskegrateng alltid heimelaga av
mamma, men i dei siste åra har vi fått tilbod om ferdiglaga fiskegrateng rett
frå frysedisken. Mange tenker nok at fiskegrateng tek lang tid å lage, men det
tek omtrent like lang tid å varme opp ein frosen frå butikken og smaken er ein heilt
annan!
Kva er så
nøkkelen til lage fiskegranteng? Enkelt sagt er det kvitsaus med egg og fiskebitar
oppi, eventuelt kokt makaroni og grønsaker. I den kvite sausen, når den er
avkjølt kan vi røre inn heile egg. Ønsker du ein ekstra luftig fiskegrateng, må
du skilje egga. Eggeplommene rører ein inn i den lett avkjølte sausen og dei
stivpiska eggekvitane skal vendast forsiktig inn i sausen etterpå for å få den
luftig og lett.
Fiskegrateng med eller utan stivpiska eggekviter er familievennleg,
enkel og smakfull. Smaken av kvit fisk, varm kvit saus med eit hint av muskat,
toppa med sprø strøkavring får ein lett «vatn i munnen» av. Fiskegrateng er ein
fiskemiddag barn ofte likar, og sjølv den mest steile fiskemotstandar vil kanskje
tørre å prøvesmake. Ingenting slår fiskegrateng med makaroni, det er ein sikker
vinnar!
Ingrediensar til 4
porsjonar:
500 g
torskefilet, utan skinn og bein
100 g
makaroni
3 ss smør
4 ss
kveitemjøl
4 dl mjølk
3 egg
salt
muskat
griljermjøl
Tilbehør
råkost
poteter
Framgangsmåte
Set steikeomnen på 180 °C. Skjer torskefilet i bitar. Kok
makaronien som vist på pakken. Smelt smør og rør inn kveitemjøl. Spe med mjølk,
litt om gongen. Rør godt mellom kvar gong til du får ein saus utan klumpar. Dersom du bruker rå fisk kan du
lage sausen ekstra tjukk. Avkjøl sausen litt, rør inn heile egg (eller
eggeplomme i sausen og vend inn stivpiska eggekviter til slutt) og smak til med
salt og muskat. Bland torskebitane og kokt makaroni inn i sausen og slå
gratengmassen over i ei smurt eldfast form. Dryss over griljermjøl og steik
gratengen på nedste rille i ca. 40 minutt. Server gratengen med råkost, litt smelta
smør og kokt potet ved sidan av.
Tips: Fiskegrateng kan lages av all type kvitfisk,
både rå og kokt. Bruk gjerne restar frå dagen før. Kokt makaroni eller grønsaker
kan erstatte litt av fiskemengda. Steiketida vil vere kortare når fisken er
kokt.