Visste du at sushi fekk sitt gjennombrot i
Japan allereie i 1850 og det var kokken Hinaya Yohei som serverte bitar av rå
fisk oppå ei pute av marinert ris frå sin eigen sushikiosk i Tokyo. Travle
japanarar åt dei små delikatessene og det blei fort ein suksess. Sushi kom til
Norge i 1985, men først i 1999 blei den første sushirestauranten opna, og det
vart ein trend i urbane strøk. I dag er sushi vanlig blant oss nordmenn og
mange lagar sushi på eigen hand heime.
Karibu er appetittvekkande sushi. Helgas
oppskrift er med laks og fylt med avokado og wasabimajones, toppen er pynta med
frisk koriander og lakserogn. Her gjeld det å vere netthendt og når delikatessa
skal etast må det gjerast rett: Fisken skal dyppast i soyasausen, ikkje risen.
Wasabi skal ikkje rørast inn i soyasausen, men skal smørast på fisken etter
ønska styrke. Sylta ingefær tyggast mellom dei forskjellige sushibitane for å
nøytralisere forge smak.
Det ser kanskje vanskeleg ut å lage
karibumakirullane, men følg framgangsmåten i oppskrifta slavisk, steg for steg,
så får du det til. Resultatet kan serverast som ein rett aleine, snacks eller
til forrett, du vil garantert imponere gjestane dine. Bon appétit!
SUSHI: Karibumaki med laks og avokado er lekkert og
rått godt! Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.
Ingrediensar (4 porsj.)
150 g laksefilet utan skinn og bein
1 ts sukker
1 krm salt
½ ss riseddik
6 dl sushiris
1 dl vatn
½ avokado
2 ss majones
1 ark noriark, sjøgras
1 ss frisk koriander
3 ts lakserogn
Wasabi, bambusmatte, plastfolie
Tilbehør
Soyasaus, wasabi og sylta ingefær
Framgangsmåte
Bland sukker, salt og riseddik i ei lita gryte, og kok forsiktig
opp under omrøring. Når sukker og salt er oppløyst, er rismarinaden ferdig.
Avkjøl marinaden før bruk. Kok ris slik framgangsmåten på pakken til sushiris
forklarar. Ha risen over i ei form, tilsett litt av marinaden og vend forsiktig
inn. Risen må ikkje bli for fuktig, prøv deg derfor fram med litt om gangen.
Avkjøl risen i romtemperatur.
Skjer laksen i tynne skiver, og avokado i strimlar på ca. 1 cm tjukke.
Smak til majonesen med wasabi etter eige ønske. Del noriarket i to. Dekk
bambusmatta med plastfolie. Bland vatn med litt riseddik, og fukt hendene lett slik
at risen ikkje kleber. Legg eit halvt noriark på bambusmatta med den ruglete
sida opp, fordel eit lag ris utover heile arket og snu slik at risen ligg ned.
Fordel avokado og wasabimajones langs den neste
kanten av arket. Rull saman ved hjelp av bambusmatta og legg lakseskivene på
tvers over rullen slik at denne er dekka med laks. Skjer kvar rull i to, og så
videre i to og to til du har fått 8 bitar. Pynt med korianderblad og litt
lakserogn på kvar bit.
Server sushibitane med soyasaus, wasabi og
sylta ingefær.