Vi har passert haustjamndøgn og overgangen
frå sommar til vinter merkast godt. Mørkare kveldar, mindre solvarme og
temperaturmålaren viser kjøligare dagar og netter. Når det er kaldt ute er det
ingenting som smakar så godt som varm, heimelaga fiskesuppe og med brød til er
det ein komplett middag.
Seisuppa i dag inneheld reker utan skal,
men går rekeskalet ofte rett i boset? Ikkje kast skal rekeskala, men kok heller
kraft som du kan bruke i supper og sausar. Fres rekeskala lett i ei gryte med olje
tilsett lauk, kvitlauk og heile peparkorn. Dekk deretter rekeskala med vatn og
la det småkoke i 30 minutt, skum av og sil krafta. Denne krafta smakar mykje betre
enn kraft frå pulver og terningar.
Dagens oppskrift er med sei, blåskjel og
reker. Med heimelaga fiskekraft av rekeskal løftar du suppa til nye høgder, saman
med den sursøte smaken frå sylta graskar. Dette ei skikkeleg god og smakfull
haustsuppe!
FISKESUPPE: Møt hausten med sursøt seisuppe med skaldyr. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. |
Ingrediensar
(4 pers)
400 g skinn og beinfri seifilet
300 g blåskjel
200 g reker utan skall
2 gulrot
1 purrelauk
4 dl kvitvin
2 ss smør
2 ss kveitemjøl
2 l fiskekraft
50 g sylta graskar
2 ss frisk graslauk
3 dl matfløyte
1 ss eddik
1 ss sukker
Salt
Tilbehør
Godt brød
Framgangsmåte
Skjer sei, gulrot og purrelauk i terninger. Skrubb
blåskjella og kontroller at alle skjella er lukka. Kast tvilsomme skjell. Damp
blåskjellene i litt av kvitvinen til skjellene opnar seg, ca. 3 minutt. Sil av
krafta og set den til side. Ta skjellmaten ut av nesten alle skjella, men la nokre
vere igjen i skjella som pynt. Smelt smør i ein kasserolle og rør inn
kveitemjølet. Spe med krafta frå blåskjela, fiskekraft
og resten av kvitvinen og la suppen koke inn noko. Ha sei, gulrot, purrelauk,
sylta graskar og finhakka graslauk i suppa, kok opp og la den trekke til seien
er kokt, ca. 2 minutt. Ha i matfløyte og smak til med eddik, sukker og litt
salt, den skal smake svakt sursøtt. Varm opp til kokepunktet og ha i blåskjel
og reker. La stå til blåskjell og
reker er varme, ca. 1 minutt.
Server suppen med godt brød ved siden av.