søndag 22. desember 2019

Julehøgtid med kveite med urtesaus og lakserogn på menyen


Fisk og sjømat er gode variasjonar frå jula sine mektige kjøtmåltid. For vår kystbefolkning har både fersk torsk og kveite sterke juletradisjonar og frå gamal av heitte det seg at husbonden måtte sitte på nausttaket om han ikkje klarte å skaffe julefisk. Det var stor skam dersom fisken mangla til jul.

Romjulsmiddag med kveite er ein av jula sine beste middagar, mange vel den klassiske varianten med å trekke den i lettsalta vatn, med kokte gulrøter, potet og eggesmør til. Årets julekveiteoppskrift er pannesteikt kveite, der ein steiker kveitestykka lett og let dei kvile etterpå. Det viktigaste med kveite er uansett å gjere trekkinga eller steikinga på lav temperatur, slik at kveita ikkje blir tørr.

Julekveita er feit og fin, og det passar godt med litt friske og syrlege sausar til. Helgas oppskrift er rett og slett ein saus med base i fiskekraft og fløyte, med mykje friske urter i og sjølvsagt sitron. Fargespelet på tallerkenen med friske og grøne aspargesbønner, toppa med oransje lakserogn, gjer denne retten til ein julefest. Ha ei fredeleg og god jul!


KVEITE: Julehøgtid med kveite med urtesaus og lakserogn på menyen. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
4 kveiteskiver
1 ss grovt salt
1 ss smør
1 ss olivenolje

Saus
1 ts frisk basilikum
1 ts frisk timian
1 ts frisk oregano
1 ss smør
2 ss kveitemjøl
1 ½ dl fiskekraft
1 dl kremfløyte
1 ss sitronsaft
salt

Tilbehør
aspargesbønner
poteter
lakserogn

Framgangsmåte
Dryss salt over kveitestykka  og la dei ligge i ca. 15 minutt. Skyl av saltet og tørk godt. Steik kveita på middels varme i olivenolje og smør til den er gylden, ca. 2 minutt på kvar side. La stykka kvile.

Saus
Finhakk basilikum, timian og oregano. Smelt smør i ei kasserolle, rør inn kveitemjøl og la blandinga frese i ca. 1 minutt. Ha i fiskekraft og la det småkoke i 2-3 minutt. Tilsett kremfløyte og gi sausen eit oppkok. Ha i basilikum, timian og oregano og la sausen småkoke nokre minutt. Smak til med sitronsaft og salt. Server kveite med lakserogn, urtesaus, aspargesbønner og poteter.

Tips: Fiskekraft kan erstattes med fiskebuljong.


fredag 6. desember 2019

Safrangraven laks - nydeleg tradisjonsmat


Gravlaks er rå laks som er marinert i salt og sukker. Populære krydder i gravlaks er dill, fennikel, svart pepar, safran, ingefær, einebær, korianderfrø og peparrot. Gravlaks kan også marinerast med aquavit, konjakk eller anislikøren Pernod, men det gjer ingenting å sløyfe alkohol i ingredienslista. Å lage tradisjonsrik gravlaks er enklare enn du trur, du kan tilpasse krydder slik at laksen smakar akkurat slik du likar best.

All fisk som skal gravast, bør djupfrysast i 3 døgn på førehand for å drepe eventuelle snyltarar i fiskekjøtet, eller ein kan fryse fisken etter graving. Gravlaks vert ofte som servert som forrett i tynne skiver på rugbrød eller med kokte poteter med dill- eller sennepsaus. Gravlaks er god tradisjonsmat til juleselskap og er ein klassikar på julekoldtbordet. Helgas oppskrift er safrangrava laks, denne smakar nydeleg og lagast i ein fei. Ha ei fin adventstid!


GRAVA LAKS: Safrangraven laks er nydeleg tradisjonsmat. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (8 pers)
½ dl salt
1 dl sukker
1 ss kvit pepar
1 g safran
3 ss Pernod
1 stk stjerneanis
1 ts fennikelfrø
1,5 kg laksefilet med skinn

Framgangsmåte
Skyl laksen i kaldt vatn, tørk godt, og skjer vekk synleg feitt og hinner. Støyt safran, pepar, stjerneanis og fennikelfrø i ein morter. Bland safran, pepar, stjerneanis, fennikelfrø, salt og sukker. Gni blandinga godt inn i laksen, slå Pernod over og dekk til med plastfolie. La laksen stå romtemperert til krydderblandinga begynner å smelte og trekke inn i laksen, ca. 30 minutt. Legg lett press på laksen og la den stå i kjøleskapet i minst 1 døgn.

Gravet laks som ein lagar sjølv er haldbar i kjøleskap inntil 7 dagar. Grava laks kan også frysast.