Klippfisk passar utmerka til fritering, fordi den er
fast i konsistensen og frityrøra klebar seg godt til fiskestykka. Når ein skal
bruke klippfisk må ein alltid huske forarbeidet med utvatning. Fisken må
vatnast ut i eit døgn eller to, alt etter tjukkelsen på stykka.
Ein kan bruke ei
vanleg gryte til fritering. Her kjem nokre friteringsreglar: Gå aldri frå gryta.
Bruk ei tresleiv for å sjekke temperaturen på frityroljen, oljen er varm nok
til fritering når det brusar rundt tresleiva. Ha alltid nokre potetskiver ved
sidan av komfyren som kan kjøle ned oljen i gryta. Ha alltid grytelok
tilgjengeleg som kan kvele flammen om det tek fyr, bruk aldri vatn!
Å fritere klippfisk
er å gi fisken det sprø og smakfulle skalet eller skorpa den ikkje har. Frityrsteikt
klippfisk passar godt til kveldskos eller på tapasbordet. Server desse crispy og
gode munnfullane saman med salsa, aioli eller anna dipp som remulade, det er garantert
suksess!
KLIPPFISK: Smak gode munnfullar med
fritert klippfisk og dipp. Foto: Kim Holthe, Norges Sjømatråd.
Ingrediensar
til 4 personar
600 g utvatna og reinska klippfisk
frityrolje
Frityrrøre
2 egg
250 g kveitemjøl
1 ts
salt
½ ts
pepper
½ ts
muskat
3 ss frisk
persille
1 ½ dl
øl
2 ½ dl
vatn
½ dl
olje
Tilbehør
tomatsalsa
aïoli
sitronar
Framgangsmåte
Skjær klippfisken i biter på 2-3
cm.
Frityrrøre
Skil egga. Bland saman alle
ingrediensane til frityrrøra, unntatt eggekvite, og la røra kvile i kjøleskapet
i ca. 30 minutt. Varm opp frityroljen i gryta eller frityrkokar.
Stivpisk eggekvita ne og vend inn i frityrrøra. Vend fiskebitane i kveitemjøl,
deretter i frityrrøra, og friter bitane til dei er gylne, ca. 4 minutt. Legg
dei friterte bitane over på tørkepapir så dei får renne av. Server fritert
klippfisk med tomatsalsa, aïoli og sitronbåtar ved sidan av.