Jula står i særstilling blant høgtidene våre og er både ei folkeleg og ei kyrkjeleg høgtid. Jula går over mange dagar og mange opplever ho som viktig tid, og det er knapt noko anna feiring som er så sterkt knytt til ulike tradisjonar som nettopp jula. Tradisjonar knytt til norsk julemat står sterkt enten det er fåreribbe, svineribbe, lutefisk, fersk torsk, kveite, lammerull, sylteflesk eller røykt laks. Julematen er med på å markere vår kultur og identitet.
Røykt laks høyrer jula til og er ein klassikar til julefrukostar og ikkje minst på kaldtbordet. Røyking av fisk og kjøt har vore ein av hovudmetodane for å konservere eller bevare mat i tusenar av år. Ekte røyking forgår i eit røykeri med vedomn og bjørkespon som vert opptent og haldast glødande. Ferske einer eller pors i omnen kan forsterke røyksmaken, og mange elskar den gode smaken av røykt mat.
Dagens oppskrift er inspirasjon til julefrukosten, ein forrett
eller på kaldtbordet. Røykt lakserøre er inspirert av krema skagenrøre med dill,
sennep og sitron, toppa med knalloransje aurerogn på nyrista rugbrødtoast. Dette
er veldig enkelt å lage til både få og mange, ja berre synet av denne vakre retten
vekker appetitten og smaken er rett og slett himmelsk. Ha ei riktig god jul!
RØYKELAKS: Det blir jul med røykt
lakserøre på rugbrødtoast. Foto: Studio Dreyer-Hensley, Norges Sjømatråd.
Ingrediensar til 4 porsjonar
300 g røykt laks
6 skive rugbrød
1 dl majones
1 dl crème fraîche
1 eple
1 ts sennep
2 ss dill
2 ss sitronsaft
½ ts pepar
4 ss aurerogn
Framgangsmåte
Stikk ut runde former av rugbrødet, eller del skivene i to, desse toastar
du lett i ei steikepanne eller i brødristaren. Skjer røykelaksen i mindre
strimlar og spar på nokre bitar til pynt.
Rør saman majones, creme fraiche, sennep, eple, dill, sitron og pepar,
og vend inn røykelaksbitane.
Dander røra på rugbrødtoast, og topp med ei liten skive røykelaks
og litt aurerogn, og pynt gjerne med litt grøne urter.
Tips: Bruk gjerne baguette skiver i staden for rugbrød.