Peparkrabbe er eigentleg ein spesialitet frå Singapore og har du sansen for asiatiske smakar er dette noko for deg også. Krabbeklørne i denne retten er altså «spicy» med både srirscha-saus og pepar, og den er til og med veldig enkel å lage til.
Sriracha er sterk chilisaus frå Thailand som du kan bruke til det meste som pasta, sausar, supper og sjømat. Kokkar svergar til heimelaga srirscha- saus, så denne sausen han du lage sjølv, men du finn han også i butikken.
Eit tips kan vere å lage ekstra
store porsjon av peparkrabbe og legge fram ein stor bunke med serviettar når
den skal etast, for dette er både grisete og rågodt!
KRABBE: Foto: Asiatisk peparkrabbe med sriracha-saus. Hitra krabbe, Norges sjømatråd. |
Ingrediensar (4 porsj)
4 kg krabbeklør
1,5 dl soyasaus
4 ss honning
4 ss black pepper sauce
40 heil svart pepar
8 båtar lime
2 limesaft
4 sjalottløk
6 vårløk
olje
Sriracha-saus
8 ss majones
2 ts sriracha
Fremgangsmåte
Kakk sprekker i krabbeklørne slik at
du kjem til krabbekjøtet. Ha olje og løk i ei varm steikepanne. Tilsett
soyasaus, honning og black pepper sauce. Varm til det tjuknar. Tilsett krabbe
og limebåtar og vend inn i blandinga. La putre til krabben er varm. Rist svart
pepar i panna og mal den i morter. Ha på, saman med vårløk, til slutt. Server
med rista godt brød og Shriracha-saus.