tirsdag 10. oktober 2023

Lutefisk Amor med aprikos- og chorizosmør

Det er ei tid for alt er det noko som heiter, for etter 7 år med heile 176 matspalter om fisk og sjømat i Møre Nytt og Vikebladet er det på tide å takke for oppdraget. Eg har meiska meg i gode oppskrifter frå Norges sjømatråd og fått formidla kvar einaste matspalte med stor glede!

Eg vil avslutte med noko av det beste eg får servert nemleg lutefisk. Tenk at lutefisken er ein rett som generasjon etter generasjon har satt på bordet i julehelga. I dag startar lutefiksesongen i allereie oktober, så det er altså lov til å tjuvstarte på lutefisken no.

Lutefisk Amor har ein nydeleg vri som det er lett å forelske seg i, for den er toppa med lekkert aprikos- og chorizosmør. Berre fargen er eit syn og her får du også smaken av søtt og salt saman. Lutefisk Amor er rett og slett himmelsk godt!

LUTEFISK: Lutefisk Amor med aprikos- og chorizosmør. Foto: Norges sjømatråd.

Ingrediensar ( 4porsj)

2 kg lutefisk

flaksalt

 

Ertepuré

400 g frosne erter

50 g smør

salt og pepar

 

Smørsaus

150 g chorizopølse

4 tørka aprikos

50 g smør

2 ss olivenolje

1 bunt grasløk


Tilbehøyr

8 poteter


Framgangsmåte

Del lutefisken i porsjonsstykke, berekne to gode bitar per person. Legg fiskestykka med skinnsida ned i ei langpanne eller eldfast form. Dryss over godt med knust flaksalt og la fisken ligge slik i 30 minutt.

Dekk forma med aluminiumsfolie. Klem godt rundt kantane slik at det er tett. Bak fisken ved 200 grader i ca. 30 min., avhengig av tjukkelsen på fiskestykka. La fiskestykka renne godt av seg før servering.

Ertepuré

Kok opp erter med litt vatn og ei klype salt. Slå av vatnet og køyr ertene saman med smør i ein hurtigmiksar til jamn puré. Ha pureen tilbake i kasserollen, smak til med salt og pepar og hald den varm.

Chorizo- og aprikossmør

Skjer chorizopølse og aprikos i små bitar. Fres pølsebitane i olivenolje, og la det syde slik at pølsa gir frå seg både smak og farge. Tilsett hakka aprikos og smør, la det syde videre i eit par minutt.  Tilsett hakka urter rett før servering. 

Server lutefisken rykande varm med grøn ertepure, chorizosmør og kokte poteter.

 

Møt hausten med grilla laks og blåbærmarinert byggris

Plask, plask - det regnar ute og hausten har kome med sine gyldne fargar og sterke stormar. Tida er også komen for meir innekos med fyr i omnen og god mat i grytene. Det er lov å kroe seg mett og god på sofaen etter middag for å kvile seg litt og nyte årstida.

Av og til er det tilbehøyret som får ein rett til å skine, og akkurat slik er det med blåbærmarinert byggris. Byggris har vorte svært populært dei siste åra som er sunnare erstatning for ris eller pasta.

Ein seier at byggris er bra for både kloden og kroppen. Bygg har faktisk lavast karbonavtrykk mellom korntypane og er kortreist mat i Norge. Helsemessig har bygg høgt innhald av betaglukanar som kan redusere kolesterolinnhaldet i blodet, stabilisere blodsukkeret og forbetre tarmfunksjonen.

Denne retten er vinn-vinn på alle plan, og på kjøpet både ser den god ut og smakar godt!

LAKS: Møt hausten med grilla laks og blåbærmarinert byggris. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd

600 g laksefilet

salt og pepar

olje

grillfolie

 

Byggris

1/2 dl byggris

2 dl blåbær

1 vårløk

2 ss bringebæreddik

1 dl olivenolje

salt og pepar


Dressing

1 dl frisk kruspersille

1 dl crème fraîche

½ ts bringebæreddik

sukker


Server med

200 g blanda salat


Framgangsmåte

Skjer laksen i porsjonsstykke og dryss med salt og pepar. Legg laksen på eit stykke smurt grillfolie og grill den i ca. 2 minutt på kvar side.

Byggris

Kok byggris etter oppskrifta på pakken og avkjøl den. Knus halvparten av blåbæra og finhakk vårløk. Bland knuste blåbær og bringebæreddik i ein bolle og pisk inn olivenoljen litt om gangen. Tilsett byggris, heile blåbær og vårløk, og smak til med salt og pepar.

Dressing

Finhakk persille og rør saman med crème fraîche og bringebæreddik. Smak til med litt sukker om nødvendig.

Server grilla laks med byggris, dressing og frisk salat ved sidan av.

Tips: Byggris kan fint bytast ut med middagsbygg. Om du ikkje har friske blåbær kan du bruke fryste.