Sommaren er definitivt på hell og hausten kan få
oss til å drøyme om Middelhavets milde bris, kvite sandstrender og gode mat. Saftige
tomatar, gode grønsaker, olivenolje med sin litt kraftige smak, fersk sjømat og
dufta av vill oregano kan vekke gode minner og freiste smaklaukane våre no om
hausten.
Grønsaker og sjømat, det
originale middelhavskosthaldet er både sunt og helsefremmande, men middelhavskosten
handlar ikkje berre om mat. Det sosiale rundt maten er ein grunnleggjande svært
viktig og grekarane legg stor vekt på at
familien samlast ved middagen, som ofte kan vare i fleire timar.
Travle kvardagar tek av tida
vår her i nord og for mange er det først i helgane ein får tid til å sitje
lenge rundt matbordet. Mat er svært viktig for både vår fysiske og mentale helse, men
skal også formidle livsglede, oppleving og ei kjensle av fellesskap. Middelhavskosten
held oppe disse eigenskapane på ein fantastisk måte!
LEV GODT: Middelhavets
fiskegryte som varmar. Foto:
Norges Sjømatråd, Esten Borgos.
|
Ingrediensar til 4 porsjonar
500 g laksefilet,
utan skinn og bein
100 g reker, utan skal
½ stk appelsin
1 stk lauk
2 fedd kvitlauk
2 ss tomatpuré
800 g hermetiske tomatar, grovhakka
1/2 terning fiskebuljong
1 ts chilipasta
1 ts sitronsaft
10 stk oliven, svart
olivenolje
100 g reker, utan skal
½ stk appelsin
1 stk lauk
2 fedd kvitlauk
2 ss tomatpuré
800 g hermetiske tomatar, grovhakka
1/2 terning fiskebuljong
1 ts chilipasta
1 ts sitronsaft
10 stk oliven, svart
olivenolje
oregano
salt
salt
Tilbehør
Godt
brød
Framgangsmåte
· Skjer laks i 3 cm terningar og riv skalet av
appelsin.
· Skjer lauk i tynne båtar, finhakk kvitlauk og surr
på svak varme til lauken er blank.
· Tilsett tomatpuré og la det surre litt.
· Tilsett appelsinskal, hermetiske tomatar og
fiskebuljong. La det koke i ca. 15 minutt utan lok.
· Smak til med chilipasta, oregano, sitronsaft og
salt.
· Legg lakseterningane i sausen og la dei trekke til
dei nesten er kokt.
· Skjer oliven i ringer og ha i gryta saman med
reker ved servering.
Server gryta med brød ved
siden av og gjerne litt friske urter på toppen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar