Lutefisk er full av god smak og med lange
tradisjonar set lutefisken stemninga saman med godt tilbehør. Til lutefisk er
min favoritt irrgrøn ertepuré, den har frisk smak og tek kort tid å lage, i
tillegg brukar eg sprøsteikt bacon og mandelpotet som tilbehør.
Lutefisk er utvatna tørrfisk, som vert behandla
med lut av oske eller kaustisk soda, og deretter vatna ut igjen. Nokre lagar
framleis lutefisken sjølv, men dei fleste av oss kjøper ferdig utvatna lutefisk
i butikken.
Det er mange forklaringar på kva som var
startpunktet for lutefisken. Det er frå brann i eit tørrfisklager i Lofoten,
der verdifull oskedekt fisk ikkje kunne kastast. Nokre vaska derfor den
akseklede fisken, kokte den og oppdaga lutefisken. Ein mindre sensasjonell
forklaring er at nokon med dårlig tid tok i bruk lut for å få raskare utvatning
av tørrfisken, og det enda opp som lutefisk.
I motsetnad til klippfisk og tørrfisk er lutefisk
eit nordisk fenomen, og den er i høgste grad ein av Norges viktigaste
tradisjonsrettar. Det er høgsesong for lutefisk no i november og desember og for
mange av oss er dette er «himmel på jord» i matvegen!
LUTEFISK:
Ja, vi elskar lutefisk i Norge! Foto: Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.
|
Ingrediensar til 4 porsjonar
2 kg lutefisk
2 ss salt
150 g bacon
2 ss salt
150 g bacon
Ertepuré
350 g frosne selskapserter
1 ts sukker
2 ss smør
1 ts frisk timian
salt og pepar
1 ts sukker
2 ss smør
1 ts frisk timian
salt og pepar
Tilbehør
mandelpotet
Framgangsmåte
·
Sett steikjeomnen på 200 °C.
·
Legg lutefisken med skinnsida ned i ei langpanne.
·
Dryss på salt og dekk med aluminiumsfolie.
·
Bak lutefisken midt i steikeomnen til den er gjennomkokt, ca. 40 minutt.
·
Skjær bacon i små terningar og legg dei i kald steikepanne. Steik på
lav varme til det er gyldent, sprøtt og feittet har stekt ut. Tilsett
ekstra smør dersom baconet er magert.
·
Kok erter
møre i vatn tilsatt sukker.
·
Hell av
overflødig vatn og mos ertene med stavmiksar.
·
Rør inn smør og timian, og smak til med salt og pepar.
Server lutefisk med bacon, ertepuré og kokt potet. Nokre vil også ha
riven brunsost, sennep og sirup som tilbehør, dette kan løfte måltidet til nye
høgder!
Tips: Dersom du vil ha fast lutefisk dryss du salt over og let lutefisken stå
kjølig eit par timar. Hell av vatnet som vert trekt ut og skyll deretter
lutefisken i kaldt vatn.