Fiskebollar er en vanleg kvardagsrett i Norge og inneheld
oppmalt fisk, mjølk, potemjøl og salt. I min heim var retten ein favoritt når
barna var små saman med potet, gulrot, karrisaus og sprøsteikt bacon oppå.
Fiskebollar kan også opphøgast til ein helge- eller selskapsrett slik som
fløytebollar i terteskjell eller som dagens oppskrift med fiskebollar med
paprika og purrelauk i.
Det er lett å lage eigne fiskebollar og har du ei matmølle
går det fort. Fiskefarse lagar ein
gjerne av mager fisk som hyse, lys, lange, men også steinbit og torsk gir lys
og fin farse. Trikset med å lage fiskefase er å bruke fersk kald fiskefilet som
ein kjører i matmølla saman med salt til farsen blir fast og seig. Spe deretter
med kald mjølk i ein tynn stråle til farsen har klart å absorbere væska.
Tilslutt tilset ein dei andre ingrediensar slik som i dagens oppskrift, paprika
og purrelauk.
No når min små har blitt unge vaksne og kjem på besøk heim til mor, då vert det ofte bestilt fiskebollar til middag. Matkultur er tradisjon, vanar og
identitet. Matkultur er ofte tolka som mat og oppskrifter overført frå fortida
og tilpassa notida, altså «norsk tradisjonsmat med ny smak». Skal tru om eg kan
tilby denne nye varianten med fiskebollar eller må eg halde på det gamle og
kjente? Ha ei god helg!
HEIMELAGA: Fiskebollar med paprika og purrelauk. Foto: Norges sjømatråd, Alf Børjesson. |
Ingrediensar til 4 porsjonar
500 g
hysefilet, utan skinn og bein
2 ts salt
1 egg
3 dl mjølk
½ raud
paprika
1 stk
purrelauk
½ ts pepar
2 ss olje
SAUS
2 ss smør
2 ss
kveitemjøl
3 dl mjølk
½ ts salt
½ ts kvit pepar
TILBEHØR
potet
gulrot
FRAMGANGSMÅTE
Pass på at alle ingrediensane du
skal bruke er kalde. Bruk berre fiskefilet som ikkje har vore fryst.
Skjer fisken i bitar og ha den i ei matmølle saman med salt. La maskina gå til
farsen er fast og seig. Rør inn pepar og egg, og spe med litt mjølk om gongen. Det
er viktig å røre kraftig under speinga, slik at all væske rørast godt inn før
meir væske hellast i, elles skil farsen seg. Den ferdige farsen skal være glatt
og seig. Skjer paprika i små terningar. Vask det grøne på purren og skjer opp i
tynne ringar. Kjør purren i matmølla saman med litt olje til det blir ein fin puré.
Smak til med salt og pepar. Rør paprikaterningar og purrepuré inn i
fiskefarsen. Fukt hendene med kaldt vatn, form store bollar og trill dei slik at
dei blir runde. Kok opp vatn med litt salt og legg i bollane. La dei trekke i
15-20 minutt, til dei er gjennomkokte. Snu dei eit par gonger slik at dei vert
jamt kokt.
SAUS
Smelt smør
og rør inn kveitemjøl. Kok opp mjølka, og rør inn omtrent halvparten til det
blir ein glatt masse. Spe deretter med meir mjølk til passe sauskonsistens.
Smak til med salt og kvit pepar.
Server
fiskebollane i sausen med kokt potet og gulrot ved sidan av.