torsdag 19. april 2018

Heimelaga fiskebollar med paprika og purrelauk


Fiskebollar er en vanleg kvardagsrett i Norge og inneheld oppmalt fisk, mjølk, potemjøl og salt. I min heim var retten ein favoritt når barna var små saman med potet, gulrot, karrisaus og sprøsteikt bacon oppå. Fiskebollar kan også opphøgast til ein helge- eller selskapsrett slik som fløytebollar i terteskjell eller som dagens oppskrift med fiskebollar med paprika og purrelauk i.

Det er lett å lage eigne fiskebollar og har du ei matmølle går det fort.  Fiskefarse lagar ein gjerne av mager fisk som hyse, lys, lange, men også steinbit og torsk gir lys og fin farse. Trikset med å lage fiskefase er å bruke fersk kald fiskefilet som ein kjører i matmølla saman med salt til farsen blir fast og seig. Spe deretter med kald mjølk i ein tynn stråle til farsen har klart å absorbere væska. Tilslutt tilset ein dei andre ingrediensar slik som i dagens oppskrift, paprika og purrelauk.

No når min små har blitt unge vaksne og kjem på besøk heim til mor, då vert det ofte bestilt fiskebollar til middag. Matkultur er tradisjon, vanar og identitet. Matkultur er ofte tolka som mat og oppskrifter overført frå fortida og tilpassa notida, altså «norsk tradisjonsmat med ny smak». Skal tru om eg kan tilby denne nye varianten med fiskebollar eller må eg halde på det gamle og kjente? Ha ei god helg!

HEIMELAGA: Fiskebollar med paprika og purrelauk. Foto: Norges sjømatråd, Alf Børjesson.


Ingrediensar til 4 porsjonar

500 g hysefilet, utan skinn og bein
2 ts salt
1 egg
3 dl mjølk
½ raud paprika
1 stk purrelauk
½ ts pepar
2 ss olje

SAUS
2 ss smør
2 ss kveitemjøl
3 dl mjølk
½ ts salt
½ ts kvit pepar

TILBEHØR
potet
gulrot

FRAMGANGSMÅTE

Pass på at alle ingrediensane du skal bruke er kalde. Bruk berre fiskefilet som ikkje har vore fryst. Skjer fisken i bitar og ha den i ei matmølle saman med salt. La maskina gå til farsen er fast og seig. Rør inn pepar og egg, og spe med litt mjølk om gongen. Det er viktig å røre kraftig under speinga, slik at all væske rørast godt inn før meir væske hellast i, elles skil farsen seg. Den ferdige farsen skal være glatt og seig. Skjer paprika i små terningar. Vask det grøne på purren og skjer opp i tynne ringar. Kjør purren i matmølla saman med litt olje til det blir ein fin puré. Smak til med salt og pepar. Rør paprikaterningar og purrepuré inn i fiskefarsen. Fukt hendene med kaldt vatn, form store bollar og trill dei slik at dei blir runde. Kok opp vatn med litt salt og legg i bollane. La dei trekke i 15-20 minutt, til dei er gjennomkokte. Snu dei eit par gonger slik at dei vert jamt kokt.

SAUS
Smelt smør og rør inn kveitemjøl. Kok opp mjølka, og rør inn omtrent halvparten til det blir ein glatt masse. Spe deretter med meir mjølk til passe sauskonsistens. Smak til med salt og kvit pepar.

Server fiskebollane i sausen med kokt potet og gulrot ved sidan av.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar