Pasta
og sjømat er ein sikker vinnar på vårmenyen. Spagetti med blåskjell er enkel,
lett for kroppen og har god smak. Delikatessen passar like godt for store som
små, både til kvardags og fest.
Ordet
spagetti er italiensk og kjem frå ordet
spaghetto som tyder «streng eller tråd», og spagetti slik vi kjenner det
tyder små strengar eller trådar. Om ein
vil vere meir avansert kan ein også dele det inn spagettini (tynn spagetti) og
spagttoni (tjukk spagetti). For å få
perfekt kokt spagetti skal den alltid leggast i kokande vatn med salt i.
Spagetti skal vere mjuk samtidig som ein har litt motstand i kjerna, eller kokt
«al dente» som italienarane seier. Om spagetti en er tjukk eller tynn, følg
alltid koketida på pakken.
Litt
artig å vite er at det å ete spagetti kun gaffel er europeisk og det var
amerikanarane som starta med å ete spagetti med gaffel og skei. Historier
fortel å ete spagetti med skei var kun for barn og folk med dårlige manerar,
ein ekte italiienar et spagetti med kun gaffel, basta!
ITALIENSK: Spagetti med blåskjell er ein sikker vinnar. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aronsen. |
Ingrediensar til 4 porsjonar
2 kg blåskjell
400 g spaghetti
2 stk sjalottlauk
2 fedd hvitlauk
1 stk raud chili
1 ss smør
2 dl kvitvin
2 dl kremfløyte
2 ss frisk persille
TILBEHØYR
parmesanost
brød
FRAMGANGSMÅTE
Skrubb blåskjell og kontroller at alle skjella er lukka. Kast tvilsame
skjell. Kok spaghetti etter bruksanvininga på pakken. Finhakk sjalottlauk,
kvitlauk og chili. Fres sjalottlauk og kvitlauk i smør til det er blankt i ei
kasserolle, og tilsett chili og blåskjell. Ha i kvitvin og la blandinga koke i
6-8 minutt. Rist kasserollen forsiktig underveis slik at skjella blandast. Kast
skjell som ikkje har opna seg. Tilsett kremfløyte og persille, og varm blandinga
opp. Ha spaghetti i ei skål og slå blåskjell med saus over. Server spaghetti
med riven parmesanost og brød til.
Tips: Kvitvin kan erstattast med syrlig eplejuice.