Grillsesongen
starta tidleg i år med det fantastiske fine været som har vore denne
forsommaren. Det går tradisjonelt mykje kjøtmat på grillen og medan vaksne varierer
menyen med ulike typar kjøt og av og til fisk, men barna vert ofte tilgodesett
med grillpølser. Det kan kanskje bli vel mykje pølser på små kroppar i
grillsesongen?
Eg
har i mange år jobba med Fiskesprell, det er eit kosthaldsprogram som skal få
barn og unge til å ete meir sjømat i barnehage og skule. Fiskesprell går ut på
å endre haldningar til vaksne om barn og sjømat, og å lære vekk nokre enkle
oppskrifter som dei får smake. Lykkast ein med dei vaksne er det stor sjanse for at dei deretter
prøver dei ut rettane på barn. Resultatet er like kjekt kvar gong for både
vaksne og barn smakar og likar mange ulike fiskerettar og ein sikker vinnar er
Havets Skattekiste.
Når ei lagar Havets skattekiste er det smart at
barna får plukke og velge grønsaker og passe mengde fisk til sin eigen pakke i
tillegg passe den sjølv på grillen. Å
vere med å lage maten og å ha kontroll på ingrediensane er positivt for den når
ein skal prøve noko nytt og innhaldet i grillpakken er fullt av sunne næringsstoff
som er rake motsatsen til den ein finn i grillpølser. Veslesøster Ida til Emil
i Lønneberget syng slik: «Då blir barna
fulla med sommar, och bena blir fulla med spring!», små
kroppar skal ha den
sunnaste og beste maten!
GRILLFAVORITT:
Havets skattekiste er barnas grillfavoritt! Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.
Ingrediensar til 4 porsjonar
300 g laksefilet utan skinn og bein
300 g seifilet utan skinn og bein
1 stk lauk/purrelauk/vårlauk
2 stk gulrot
½ brokkoli-
eller blomkålbukett
4
ss soyasaus
4
ark grillfolie
2
ss olje
FRAMGANGSMÅTE
Skjer
fisken i ca. 2 cm store terningar. Vask og reinsk lauk, gulrot og brokkoli/blomkål.
Pensle grillfolien med olje og brett opp kantane til ei skål. Legg eit utval av grønsaker
på folien og slå soyasaus over. Legg fisketerningane over grønsakene. Brett
saman folien (med bretten opp så unngår du lekkasje) og legg pakkane på varm
grill. La pakkane ligge på grillen i ca. 10 minutt. Opne pakkane og sjekk at
fisken er klar ved at fiskekjøtet har skifta fagre tvers gjennom og at fiskekjøtet
flakar seg ved lett trykk. Server skattkistene med det tilbehøret du likar, for
eksempel bakte poteter og rømme på toppen.
Tips: Du kan også lage Havets skattkiste i steikeomnen.
Då brukar du vanleg aluminiumsfolie i staden for grillfolie. Steik pakkane i
steikeomn ved 180 °C til fisken er ferdig. Det
tak ca. 12 minutt.