Dei nynorske festespelsa set stemninga no i helga
og i songen Nordmannen skildrar Ivar Aasen vårt forhold til fisk slik: «Han såg ut på det bårute havet, der var
ruskut å leggja utpå;
men der
leikade fisk nedi kavet, og den leiken, den ville han sjå». No er det uvisst kva
type fisk Aasen tenkte på, men eg vil tru det
var sild, torsk og sei som «leika nedi kavet» og at det på hans tid
ikkje var vanleg å ete breiflabb.
Breiflabb blei nemlig tidligare rekna som ufisk og
kasta på havet igjen, men i dag er fisken rekna som ei delikatesse. Sjølv som
fisken ser ut som eit uhyre på utsida, er fiskekjøtet kvitt med ypparleg fast
konsistens og er velsmakande.
Breiflabb må lagast til med omhug, fordi dersom
den steikast eller grillast den for lenge blir den seig. Det er mulig å kjøpe
ferdig marinert breiflabbfilet i ferskvaredisken og då er det ikkje mange
ingrediensar som skal til for å lage denne middagen. Retten er enkel og smakar
utrulig saftig og godt, så denne kan du trygt invitere venner på besøk til ein
sommarkveld!
DELIKATESSE: Smak på saftig og velsmakande omsbakt breiflabb. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen. |
Ingrediensar til 4 porsjonar
800 g breiflabbfilet
1 stk grøn squash
5 stk sjampinjong
1 stk raud paprika
MARINADE
2 fedd kvitlauk
1 ts estragon
1 frisk graslauk
½ dl frisk persille
1
stk sitron
1
dl olivenolje
1
ts salt
0.5
ts pepar
POTETSTAPPE
500
g potet
2
ss smør
2
dl mjølk
salt
og pepar
FRAMGANGSMÅTE
Sett
steikeomnen på 200 °C. Skjer fisken i serveringsstykke. Finhakk kvitlauk, estragon,
graslauk og persille, og press safta av sitronen. Rør saman ingrediensane til
marinaden, og la fisken ligge i marinaden i ca. 30 minutt. Skjer squash,
sjampinjong og paprika i bitar, og legg dei i ei smurt eldfast form. Legg den
marinerte fisken over og fordel marinaden over grønsakene og fisken. Steik
forma i steikeomnen i ca. 20 minutt.
POTETSTAPPE
Skrell potet, skjer i terningar, og kok møre i
usalta vatn. Mos potetene, og rør inn smør og mjølk til passe konsistens. Smak
til med salt og pepar.
Server omnsbakt breiflabb med potetstappe. Pynt
gjerne med litt graslauk dryssa over.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar