Sjømat er super grillmat og norsk laks
kler mange smakar og i dag skal den få gresk tilbehøyr. Eit av kjenneteikna på
det greske kjøkken er gode salatar, og fetaosten som er laga på mjølk av sau og
geit er superstjerna på den greske salaten.
I Hellas er det mest vanleg å ete mange
smårettar eller mezè. Poenget med mezè er det sosiale rundt måltidet, det å ete
saman. Tallerkenen er til å kvile gaffelen på eller mellomstasjon til maten
medan du strekk arma og forsyner deg av neste smårett. Det er nemleg vår mat,
ikkje min og din.
Gresk salat, toppa med fetaost og
olivenolje er perfekt til grillmat og den gode og friske tzatzikien ved sidan av er til å dyppe både pitabrød og
nygrilla laksebitar i. Legg gjerne maten i skåler, del maten og et på gresk
vis. Ha ei god midtsommarhelg!
GRESK: Laks på grillspyd med
gresk salat og tzatziki. Foto: Studio Dreyer - Hensley, Norges Sjømatråd.
Ingrediensar (4 porsjonar)
600 g laksefilet, utan skinn og bein
4 pitabrød
1 ss malt fennikel
1 ss malt nellik
1 ss chilipulver
Tzatziki
2 dl matyoghurt
1 fedd kvitlauk
1 ss kaldpressa olivenolje
salt og pepar
Gresk salat
2 tomat
½ agurk
½ raud lauk
100 g svart oliven
200 g fetaost
2 ss kaldpressa olivenolje
2 ss frisk oregano
Tilbehør
4 grillspyd
1 agurk
1 ts salt
Framgangsmåte
Varm opp grillen. Skjer laksefilet i store terningar og tre fire
terningar på kvart grillspyd. Bland fennikel, nellik, chilipulver og salt godt
saman, og rull laksespyd i krydderblandinga. Grill laksespyda 2 minutt på kvar
side. Varm pitabrød lett på grillen rett før servering.
Gresk salat
Skjer tomat, agurk og fetaost i terningar, og raud lauk i tynne strimlar.
Bland inn oliven og finhakka oregano, og slå olivenolje over salaten.
Tzatziki
Skrell agurk, del den på langs, ta ut frøa med ein skei og riv den
grovt. Dryss litt salt over og la agurken kvile i 15 minutt før du silar av
veska. Finhakk kvitlauk og bland med dei øvrige ingrediensane til tzatzikien.
Smak til med salt og pepar.
Server laksespyd med pitabrød, gresk salat og
tzatziki ved siden av.
Tips: Dersom du bruker grillspyd av tre må
disse ligge i vatn i ca. 30 minutt før bruk.