Våre kystnære områder utgjer eit stort
potensiale for sjømatproduksjon, og lakseoppdrett finn vi i mange fjordar langs
kysten vår. Laksefakta orienterer om at det er viktig at produksjonen er berekraftig,
skjer innan for kva miljøet toler og at mattryggleiken er høgt prioritert.
Oppdrettslaks har tidlegare hatt dårleg rykte,
men Laksefakta fortel er at antibiotikaforbruket i lakseproduksjon er redusert
med 99 prosent sidan 1987, og med andre ord nesten ikkje i bruk i dagens
lakseproduksjon. Vitenskapskomiteen for Mattrygghet
har vurdert næringsstoff og helsegevinst på den eine sida, opp mot risiko på
den andre sida. Konklusjonen er at gevinsten ved å ete fisk veg opp for den ubetydelege
risikoen for miljøgift og framandstoff i maten.
Laks er delikat på
farge, smak og konsistens og denne råvara kan vi altså ete trygt. Helgas oppskrift
er saftig marinert laksefilet som gir ei smakfull og sprø hinne på toppen. Lakseretten
smakar himmelsk godt av sitronskal, parmesan og persille. Ha ei fin hausthelg!
LAKS: Sprøbakt laks marinert i sitronskal, parmesan og persille. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd.
Ingrediensar (4 pers)
600 g laksefilet, utan skinn og bein
4 porsjonar fullkorn pasta
1 sitron
4 ss parmesan
4 ss frisk persille
2 ss olivenolje
1 ts salt
Aluminiumsfolie
Salat
1 mango
1 grøn paprika
½ raudlauk
3 vårlauk
1 ss frisk koriander
16 cherrytomat
Framgangsmåte
Set steikeomnen på 225 °C. Legg laksen på eit stykke
alumuniumsfolie. Kok pasta etter anvisning på pakken. Riv sitronskal og
parmesanost, og finhakk persille. Bland det saman i ei skål, og rør inn
olivenolje og salt. Ha blandinga over laksefileten og pakk igjen
aluminiumsfolien. Bak laksen i steikeomnen i 20 minutt.
Salat
Skjer mango og paprika i terningar, finhakk raudlauk, vårlauk og
koriander, og del cherrytomatar i to.
Bland salatingrediensane saman.
Server ovnsbakt laks med pasta og salat.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar