Lutefisk er ein av dei eldste matrettane i
Norge, og ingen veit heilt sikker når eller korleis den oppsto. Det vi i alle
fall veit i dag er at hovudingrediensen er skrei, helst frå Lofoten, som tørkast
under open himmel i omtrent eit halvt år. Etter tørkinga skal fisken vatnast ut
i fem dagar eller meir, og neste trinn
er å legge fisken i lut.
Luten er ei blanding av vatn og kaustiks soda
som er ei basisk løysing, og her skal fisken godgjere seg i 2-3 dagar. Kor
lenge fisken lutast avgjer kor fast eller geléaktig den blir. Til slutt og før
den kan etast, må fisken igjen vatnast ut i 4- 6 dagar. Å lage til lutefisk er
altså ein lang prosess og sesongens lutefisk er oftast klar i oktober og november.
Tilbehøyret til lutefisk er viktig for at
middagen skal bli ein suksess. I helgas oppskrift er det lutefisk med ny vri
med sterk spansk chorizopølse, soyasaussmør, irrgrøn ertepurè og mandelpoteter til.
Lutefiskelskarar over heile landet går ei herleg tid i møte og med Norges Sjømatråd
sitt slagord: «Lutefisk elskere, elsk
ikveld», ønsker eg alle ei riktig god helg!
LUTEFISK:
Smak sesongens lutefisk med chorizopølse og soyasaussmør.
Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd.
Ingrediensar
(4 pers)
2 kg lutefisk
2 ss salt
50 g chorizopølse
pepar
aluminiumsfolie
Ertepuré
500 g frosne erter
1 ½ dl kremfløyte
3 ss frisk mynte
salt og pepar
Soyasmørsaus
1 dl fiskekraft
1 ½ dl kremfløyte
3 ss soyasaus
2 ts maisenna
50 g smør
Tilbehøyr
Mandelpoteter
Framgangsmåte
Set steikeomnen på 200 °C. Skjer lutefisken i serveringsstykke og
legg dei med skinnsida ned i ei langpanne med kantar. Drys på salt og la
dei ligge i 30 minutt. Slå av vatnet som vert trekt ut. Kvern pepar over fisken
og dekk langpanna med aluminiumsfolie. Steik lutefisken i steikeomnen i
ca. 40 minutt. Skjer chorizo i tynne skiver og rist dei i tørr steikepanne.
Ertepuré
Bland erter med kremfløyte og hakka mynte, og gi det eit oppkok slik
at ertene tinar. Mos alt saman og sil puréen. Smak til med salt og
pepar.
Soyasmørsaus
Kok opp fiskekraft, kremfløyte og soyasaus, rør inn maisennajamnar
og la sausen koke i 2 minutt.
Rør inn kaldt smør rett før servering. Server lutefisken med
ertepuré, chorizopølse, soyasmørsaus og kokte poteter ved sidan av.
Tips: Dersom du vil ha fastare lutefisk drys salt over og lar lutefisken
stå kjølig eit par timar. Slå av vatnet som trekk seg ut og skyl deretter lutefisken
i kaldt vatn.