Norske reker likar
seg best i kaldt, reint vatn og er på sitt aller beste om vinteren. Rekefiske
forgår heile året og rekene kjem frå både Barentshavet, men også fjordane og
kystnære områder eller Nordsjøen og Skagerak. Norske reker har frisk smak, fast
kjøt og naturleg lyseraud farge og dei er god helgemat.
Visste du forresten
at alle reker startar livet sitt som hannar, men skiftar kjønn når dei er
mellom to og fire år gamle. Det betyr at dei rekene vi et, er horeker. Reker
vert stort sett kokt umiddelbart ombord på båtane og deretter solgt enten
ferske, men oftast frosne.
Reker er ei brukande
råvare og passar perfekt til ein rask kvardagsmiddag eller i festlege lag heile
året. Når vi no har fått smaken på våren her på Sunnmøre, kan det vere godt å
sette seg på verandaen og pille reker med gode sausar til. Musikken er å høyre
småfuglane kvitre, god helg!
REKER: Ferske reker med smakfulle sausar. Foto: Norges Sjømatråd, Kim Holthe. |
Ingrediensar
2 kg reker
med skal
Urteolje
2 dl frisk bladpersille
1 fedd kvitlauk
3 ss pinjekjerner
4 dl olje
salt og pepar
Aïoli
3 fedd kvitlauk
1 egg
1 ss sitronsaft
1 klype salt
1 klype kvit pepar
1 klype sukker
2 dl olje
2 ss frisk graslauk
Pesto
½ potte frisk basilikum
100 g valnøter
50 g parmesan
1 dl olivenolje
½ sitron
Chilirømme
1 dl lettrømme
1 ss sweet chilisaus
kajennepepar
Tilbehør
Brød
Framgangsmåte
Urteolje
Kjør bladpersille, kvitlauk og
pinjekjerner med stavmikser til du får ein jamn masse. Spe med olje og smak til
med salt og pepar.
Aïoli
Press kvitlauk, og pisk godt saman
med egg, sitronsaft, salt, pepar og sukker. Spe med olje i ein tynn stråle
medan du piskar. Finhakk graslauk og bland det i aïolien.
Pesto
Kjør basilikum, valnøter, riven parmesanost,
olivenolje og safta frå sitron med stavmiksar til du får ein jamn masse.
Chilirømme
Bland saman lettrømme og sweet
chilisaus. Smak til med kajennepepar, og ev. meir sweet chilisaus.
Lag ein, to,
tre eller alle fire sausane og server rekene i ein bolle med godt brød til.