«Ingen fredag utan taco», eller rett og slett berre «fredagstaco» som mange seier, uttrykket har blitt nærmast eit slagord i Norge. Eit slagord vert beskrive som eit slåande ord eller uttrykk om ein bevegelse, eit program eller liknande, det er i alle fall mange som har taco fast på menyen fredagar.
Kva er det med taco vi likar så uendeleg godt? Det er sjølvsagt den mexicanske smaken i krydderblandinga (du kan lage eiga krydderblanding) i kombinasjon med friske grønsaker, sprø tacoskjell eller mjuke tacolefser med saftig topping av rømme, chilimajones eller guacomole.
Den
tradisjonelle hovudingrediensen i «norsk taco» er kjøtdeig. Mattrenden no er at mange vil ete
mindre kjøt og meir fisk, så no kan vi modernisere tacoen. Bytt ut kjøtfarse
som inneheld metta feitt, til fisk med supersunne fleirumetta feittsyrer. Snu
fiskestykka i den herlege krydderblandinga, steik og legg dei i tacolefsa eller
skjelet og legg på dine favorittgrønsaker med topping. Vips så har
fredagstacoen blitt både modernisert og sunnare!
TACO: Det blir fin fredag med sunn fisketaco! Foto: Dreyer- Hensley, Norges Sjømatråd. |
Ingrediensar
til 4 porsjonar
200 g
laksefilet, utan skinn og bein
200 g
torskefilet, utan skinn og bein
1 pk
tortillalefser
½ pk tacokrydder
eller heimelaga tacokrydder
½ raudkål
½ agurk
1 mango
2 vårlauk
100 g fetaost
2 dl
chilimajones
2 lime
Frisk koriander
Framgangsmåte
Kutt laks og torsk i terningar. Snu fisken i tacokrydder før den steikast med nøytral olje i ei steikepanne. Kutt raudkål, agurk og mango i smale strimlar. Hakk opp vårlauken. Varm lefsene. Her kan du bruke din favoritt-tortilla - kveite, mais eller ein grovare variant. Dander grønsakene på lefsene saman med fisken. Topp med smuldra fetaost, chilimajones og korianderblad. Serverast med limebåtar til.
Heimelaga
tacokrydder
3 ss chilipulver
2,5 ts malt
chilipepper, helst chiliflak
2,5 ts tørka
oregano
2 ss malt spisskum
2 ss paprikapulver
2,5 ts kvitlaukspulver
1 ss havsalt
2 ts sort pepar
0,25 ts malt anis
Bland saman alle
ingrediensane i ein bolle. Ønsker du ein litt meir hot variant, kan du tilsette
½ ts cayennepepar i blandinga. Ha krydderblandinga på eit reint glas med tett
lok. Bruk ca. 2 ss av krydderblandinga og 1 dl vatn til 400 g fisk, kjøttdeig
eller kjøt i strimlar.