Skrei er vinterens mest fantastiske råvare frå havet, den er kritkvit i fiskekjøtet og flakar seg lett etter varmebehandling. Skrei treng ein ikkje gjere så mykje med, og ein av dei beste metodane for varmebehandling er å omnsbake den. Ved omnsbaking beheld ein mest mogleg av smaken i fisken.
Med rett tillaging og enkelt tilbehøyr kjem ein langt med sesongens skrei. Sørg for at alt tilbehøyret er klart slik som saus, ris og raudkålsalaten, og medan gjestane sit til bords startar ein varmebehandlinga som tek ca. 8-12 minutt. Fisken er aller best når den vert servert glovarm.
Hoisinsaus som er ein kinesisk dippsaus og spiracha som er thailandsk spicy chilisaus passar utmerka til sjømat. Desse asiatiske smakane i tilbehøyret til skrei gjer slik at retten vert ei skikkeleg digg asiatisk smaksoppleving!
SKREI: Nyt vinterens beste skrei med asiatiske smakar. Foto: Dreyer-
Hensley, Norges Sjømatråd.
Ingrediensar
til 4 porsjonar
800 g skreifilet, utan skinn og bein
Saus
4 ss hoisinsaus
1 ss limesaft
1 ss fersk,
riven ingefær
2 fedd finhakka
kvitlauk
½ potte frisk
koriander
1 ss rista
sesamfrø
1 ts flaksalt
Raudkålsalat
400 g raudkål
1 søt paprika
1 raudlauk
3 ss limesaft
2 ss fiskesaus
(fishsauce)
2 ss sukker
5 ss soyasaus
1 ss sriracha
½ potte frisk
koriander
Ris
2 dl jasminris
4 dl vatn
1 ts salt
2 ss olivenolje
2 skiver lime
Garnityr
Peanøter eller cashewnøter
Framgangsmåte
Skreien
Set på omnen på 220 grader med over- og undervarme. Legg porsjonsstykke av skrei på eit eldfast fat. Tørk av skreien med kjøkenpapir. Bland saman alle ingrediensane til sausen og legg 1-2 ss saus på kvart stykke. Set fatet på nest øvste rille i forvarma omn på 220 grader i 8-12 minutt, avhengig av tjukkelsen på stykka. Skreien er klar når den starar å flake seg når ein trykker på den.
Sprø raudkålsalat
Snitt strimlar av raudkål, raudlauk og paprika så fint du klarer og legg i ein bolle. Bland ingrediensane til sausen og slå over. Kna grønsakene og sausen saman i 1 minutt og la det stå minst 10 minutt før servering. Raudkålsalaten kan lages dagen før og oppbevarast i kjøleskap.
Luftig Jasminris
Skyl risen 2 minutt i kaldt vatn. Ha ris, vatn, salt og limeskivene i en kjele og kok opp under sporadisk omrøring, då er det mindre sjanse for at den setter seg fast i botnen. Legg på eit lok når risen er kokt opp å skru ned varmen til lavt nivå. La risen trekke under lok i 15 minutt, utan å røre i den. Ta kjelen av plata, løft av loket, plukk ut limeskivene som kastast, og la risen dampe i 5 minutt til før du tilset olivenolje og løftar risen forsiktig i kjelen med ein slikkepott.
Tips:
Dersom du rører
i risen under sjølve kokinga eller for raskt etter koking blir det ein stor
klebrig ball framfor luftig ris. Dryss hakka peanøtter eller cashewnøter over
retten heilt til slutt.