tirsdag 17. august 2021

Sommar på tallerkenen med grilla sei i folie

August er her og sommaren er på hell, men det er ingen grunn til å rydde vekk grillen enda. Kvardagen har også kome tilbake for dei fleste, og fisk er alltid eit godt val til middag også når det nærmar seg helg. Det er så mykje spennande å lage til og ein enkel seifilet kan bli festmat.

Seifilet er billig og god mat. Ingenting er meir sunnmørsk enn å tine seg ein blokkfryst eller singelfrosen seifilet for å ha til middag. Husk berre å tine fileten tildekt i kjøleskap over natta eller i kaldt vatn med emballasje på ca. 20-30 minutt. Fisken kan med fordel kan vere litt frosen i midten når du skal lage den til, resultatet blir gjerne saftigare.

Sei er ein mager fisk med perlegrått fiskekjøt og den litt distinkte smaken passar godt til sterke smakar. Helgas oppskrift har gode smakar av urter, chili og sitrongras og er ypparleg på grillen. Saman med grilla nypoteter skapar sei sommar på tallerkenen!


SEI: Sommar på tallerkenen med grilla sei i folie. Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd.

 

Ingrediensar (4 porsjonar)

1 kg seifilet, utan skinn og bein

2 ts salt

500 g nypotet

1 ts korianderfrø

1 lime

1 raud chili

1 stk sitrongress

2 ss frisk mynte

2 ss honning

2 ss frisk koriander

olje

aluminiumsfolie

 

Salat

1 salat

2 dl frisk bladpersille

1 raudløk

1 agurk

2 eple

 

Dressing

50 g hasselnøter

3 ss honning

6 ss eplecidereddik

6 ss olivenolje

salt

grovmalt pepar

sesamolje

 

Framgangsmåte

Dryss salt på seifileten og la den kvile i ca. 10 minutt. Kok nypotet til dei er nesten møre, avkjøl og skjer dei i tjukke skiver. Legg seien på eit stykke aluminiumsfolie smurt med olje og dryss over korianderfrø. Riv skal og press saft av lime, finhakk chili, sitrongras og mynte. Bland skal og saft av lime med chili, sitrongras og mynte, og smør blandinga over seien. Brett aluminiumsfolien rundt seien og grill den ca. 15 minutt, under lok dersom grillen har det. Pensle potetene med litt olje og grill dei på begge sider. Opne aluminiumsfolien med sei og dryss finhakka koriander over før servering.

Salat

Riv salat og grovhakk bladpersille. Finhakk raudløk, og skjær agurk og eple i terningar.

Dressing

Grovhakk hasselnøtter, og bland med honning, eplecidereddik og olivenolje. Smak til dressingen med salt, pepar og litt sesamolje. Bland dressingen forsiktig inn i salaten.

Server grilla sei og potet med salaten ved sidan av.

mandag 9. august 2021

Korianderstekte kamskjel med søtpotetpuré

Kamskjel er ei delikatesse og fiskeriet er rekna som godt forvalta. Kamskjel fangast nemleg kunn ved dykking i Norge, og dermed har fisket liten eller ingen negativ effekt på miljøet.

Du kan hauste kamskjel sjølv, då er det viktig å vite kva området som er opne og lukka for hausting av levande kamskjel. Dette kan du sjekke på www.mattilsynet.no

Kamskjel er raskt og lett å lage og passar godt saman sterke smakar. Helgas rett er krydra med korianderfrø og steikt i kvitløk og chili, dette gir ein frisk, litt sterk og god aromatisk smak. Denne porsjonen kan brukast som ein lett forrett eller som gode snackgrillspyd rett frå grillen!

KAMSKJEL: Korianderstekte kamskjel med søtpotetpuré. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd

Ingrediensar (4 porsj)

8 stk kamskjel

 

Korianderolje

½  potte frisk koriander

2, 5 dl solsikkeolje

1 ss korianderfrø

1 fedd kvitløk

1 stk raud chili

salt og pepar

smør

olje

trespyd

lime

 

Potetpuré

450 g søtpotet

150 g smør

2 fedd kvitløk

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Brukar du ferske kamskjel startar du med å opne og reinske skjela. Fryste kamskjel legg du i ein bolle, let dei tine i kjøleskap og renne av seg på tørkepapir. Lag rutemønster på eine sida med ein skarp kniv slik at kamskjelmuskelen skal bli jamt og fint steikt.

Korianderolje

Ha koriander i ein hurtigmiksar. Slå på olje i ein stråle. Køyr til ei glatt jamn saus, ca. 2 minutt. Oljen kan oppbevarast på tett flaske i kjøleskap opptil 3 veker. Rist korianderfrø i tørr panne på sterk varme for å få fram meir smak. Knus i morter eller krydderkvern. Krydre kamskjela med korianderfrø, salt og pepar. Finhakk kvitløk og chili. Varm smør og litt olje i ei panne, og tilsett kvitløk og chili når smøret er lysebrunt. Steik kamskjela gylne i ca. 30 sekund på kvar side, ikkje lenger, da blir dei seige. Aus smør over under steikinga. Tre to kamskjellog ein båt lime på kvart grillspyd.

Potetpuré

Skrell søtpotet og skjer vekk den bitre hinna under skalet. Skjer i terningar og kok dei møre i litt vatn. Slå alt over i eit dørslag og la det renne godt av seg. Smelt ca. ein tredel av smøret i ein kjele og tilsett finhakka kvitløk. Tilsett søtpoteten og mos jamn. Ha i resten av smøret og smak til med salt og pepar. Hald puréen varm til servering. Server grillspyd med litt korianderolje over og med søtpotetpuré ved sidan av. Pynt gjerne med frisk koriander.

Tips: Du kan også steike kamskjela raskt over grillen på grillspyda.

 

Makrellsalat med rømmedressing smakar sommar

Når makrellen trekk mot norskekysten veit vi at sommaren er her, for det er makrell som er sommarfisken framfor alle. Makrell vandrar i store gigantstimar og med sine svartblå striper langs ryggen og kvit buk, skyt den gjennom vatnet i rakettfart. Makrellen er populær å fiske, for kjem du til ein stim nappar det jamt og trutt!

Når du skal filetere makrell, lagar du eit snitt frå nakken og like bak sidefinnen og ned langs bukfinnen. Skjer forsiktig til kniven treff ryggbeinet. Legg kniven ned i snittet, og før kniven langs med ryggbeinet mot halen. Før kniven heilt ut, slik at fileten slepp. Snu makrellen og gjenta fileteringa på den andre sida.

Fjern dei lange beina som sitt nederst på fileten, ned mot bukhola. Beina som sit som ei stripe midt i fileten gjer vi ikkje noko med, for då vil hele fileten gå i oppløysing. Ofte er disse beina så tynne at dei kan etast. Dersom du likevel ønsker å fjerne dei, så er dette enklast etter at makrellfileten er steikt. Skyl makrellfiletane forsiktig i kaldt vann og tørk dei godt før grilling. Nysteik makrell oppi salat med rømmedressing smakar herlig sommar!

MAKRELL: Makrellsalat med rømmedressing smakar sommar. Foto: Studio Dreyer- Hensley, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar
(4 porsjonar)

600 g makrellfilet

12 cherrytomat

24 asparges

4 ss rapsolje

salt og pepar


Salat

1 raudløk

16 skiver parmesan

130 g feltsalat 


Rømmedressing

2 skiver sylteagurk

1 ss dill

½ sitron

6 ss lettrømme

1 ss majones

½ ts pepar


Servast med

Brød


Framgangsmåte

Varm opp grillen. Skjer makrellfilet i bitar. Pensle makrellbitane, cherrytomatar og asparges med rapsolje, og krydre med salt og pepar. Ha alt på grillen og snu jamt i ca. 2 minutt. La cherrytomat og asparges ligge på kvilerist eller i eit område av grillen der det er lågare temperatur.

Salat

Skjer raudløk i strimlar og parmesanost i skiver med ein ostehøvel. Bland det saman i ein salatbolle med feltsalat. Ha makrell, cherrytomatane og asparges i salaten, og bland forsiktig saman.

Rømmedressing

Finhakk sylteagurk og dill, og press saften av sitron. Rør det godt saman med lettrømme, majones og pepar.

Server salat med makrell, rømmedressing og godt brød.

Tips: Dersom du ikkje har grill kan du fint steike makrell og grønsaker i steikepanne, gjerne i ei grillpanne.