Frosen fisk er utmerka til middagsmat. Når matekspertar skal smake forskjellen på frosen og fersk fiskefilet som er laga til, klarer dei ofte ikkje å skilje mellom desse. Dette tyder på god kvalitet når det er berre nyansar i skilnad på smak og utsjånad. Dette har sjølvsagt med god fryseteknikk å gjere, for mykje av fisken vår er frosen på i fabrikktrålar rett etter fangst, nemleg «frozen at sea».
Fisk er super
kvardagsmat og med enkle rettar med kort tillagingsstid gjer det lettare å ta gode
fiskeval i kvardagen. Dagens torskerett går fort å lage, er smakfull og du kan
gjere din eigen twist ved å bruke dei grønsaker du har i kjøleskapet, bruke frosne
grønsaker, lage eigen kvitsaus eller bruke kjøpepakke. Visste du at fryst fisk er akkurat like sunt
som fersk fisk? God middag!
TORSK: Torsk i omn er enkel og god kvardagsmiddag. Foto: Studio Dreyer-
Hensley, Norges Sjømatråd. |
Ingrediensar (4 porsjonar)
800g torskefilet,
utan skinn og bein
1 purreløk
2 stilkselleri
2 gulrot
5 dl vatn
12 cherrytomat
kvitsaus
100 g riven ost
salt og pepar
frisk timian
Server med:
Potet
Fremgangsmåte
Sett steikeomnen på 180 °C. Skjer torsken i serveringsstykke. Skjer purre og stangselleri i bitar, og gulrot i terningar. Kok opp vatn og kok grønsakene i 2 minutt. Slå av vatnet, og legg grønsakene og cherrytomatane over i ei smurt eldfast form. Legg torskestykka over grønnsakene og dryss over litt salt, pepar og timian. Slå sausen over fisken. Her kan du velge selv om du vil lage en enkel kvitsaus eller bruke ein pose du har kjøpt på butikken. Strø over ost, og steik retten i stekeomn i ca. 15 minutt. Server med kokt potet.
Tips: Du kan også bruke ferdig grønnsaksblanding. Brukar du fryst
blanding bør den vere halvtint før du har den i forma.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar