Alle hjerters dag eller Valentines day
er den 14.februar og feirast ofte med merksemd som gåve, kort, blomster eller konfekt
til den utvalde.
Feiringa kjem i likskap med andre tradisjonar frå USA, og i 2010 sa faktisk
kvar tredje person i Norge at dei ville gi eller sende ei merksemd til ein kjæraste
eller ven på denne dagen. I 2015 sa midlertidig 73 prosent av den norske
befolkninga at dei ikkje syns at dagen var ein viktig merkedag og at det er flest
unge som er opptekne av dagen.
Oppskrifta med fersk skreiloin med frisk graskarpuré, soyasjysaus og
råsteikte ingefærgrønsaker er ein rein hyllest til kjærleiksfisken skrei.
Dersom ein vil feire dagen passar denne retten perfekt som romantisk middag for
to. Happy Valentines Day!
SKREI: Romantisk middag med Valentine skrei.
Foto: Studio Dreyer - Hensley, Norges sjømatråd.
Ingrediensar (2 porsjonar)
400 g skreiloins
1 ts flaksalt
50 g klara smør
Graskarpuré
300 g graskar
1 sitrongras
3 fedd kvitløk
2 cm raud chili
10 g frisk ingefær
1 l vatn
50 g smør
salt
limesaft
Grønsaker
5 ss olivenolje
10 stk shitakesopp
4 vårløk
6 brokkolini
1 ss fersk riven ingefær
1 fedd kvitløk
Soyasjysaus
2 ½ dl oksekraft
1 cm raud chili
3 ss soyasaus
2 ts brunt sukker
limesaft
1 ts smør
Framgangsmåte
Graskarpure med ingefær
Del sitrongraset i to på langs slik
at den heng saman i rota, skrell kvitløk og ingefær. Ha dette ei
gryte saman med graskarbitar utan skall og chili. Dekk med ein liter vatn. Kok
under lok i 30 minutt, til graskaret er heilt mørt. Slå av kokevatnet i ein
bolle, noko av kokekrafta skal tilsettast under miksinga. Plukk ut sitrongraset,
chili og ingefærbitane og kast dei.
Miks saman graskaret og kvitløken
med stavmiksar. Tilsett noko av kokekrafta under miksinga slik at ein får ein
fin og silkemjuk purè. Rør inn smøret når pureen varmast opp til servering,
smak til med limesaft og salt. Denne pureen treng ikkje pepar. Om ein vil kan
denne purèen kan lages eit par dagar i før servering.
Soyasjysaus
Kutt chilien i tynne skiver. Ha alle
ingrediensane utanom smøret i ein liten kjele og kok dette til cirka 50 % av
væsken er fordampa og sausen startar å bli fyldig og blank. Det tek ca. 5 min. Rør
inn smøret og server.
Skreiloins
Del ryggstykket på langs og dryss
over saltet. Varm ei steikepanne til den er god og varm. Ha i klara smør*
og legg skreien med snittsida ned i
smøret. La skreien steike 5-7 minutt berre på denne eine sida utan å snu den. Følg
gjerne med på steikeskorpa undervegs, den skal bli gylden og litt sprø. Når
skreien har fått sprø skorpe er den sannsynlegvis ferdig steikt.
Sjekk om den flakar seg og gir litt
etter når du klemmer forsiktig på den.
Råsteikte ingefærgrønnsaker
Råsteik alle grønsakene på høg varme
i olivenolje. Dryss over salt og finhakka kvitløk og ingefær mot slutten av steikinga.
Liker du koriander er det også godt saman. Legg ein stor skei purè på ein varm
tallerken og drag purèen litt utover med skeia slik at det blir plass til å
legge dei råsteikte grønsakene og skreifileten fint oppå.
*Klara smør er perfekt
til steiking av skrei. Ein får ein rein gylden og sprø steikeskorpe utan brune
svidde prikkar. Smelt smør og slå av det klare gule feittet på toppen fra veska
som ligg igjen i botnen. I dette feittet kan ein steike på høg varme utan at
skreien smaker eller ser svidd ut.