fredag 18. februar 2022

Fiskeburger med råkostsalat er ein sikker vinnar!

 

Alle elskar fiskekaker! Det var kanskje ein dryg påstand, men det er i alle fall ein rett som svært mange likar. Det som er heilt sikkert er at fiskeburger er superenkelt og raskt å lage, og at det er ein svært populært rett hos barn.

Ein saftig og god fiskeburger kan brukast til alt. Det kan vere ein rask middag, lunsj, variasjon til turmat, på grillen eller rett og slett ein godbit i matboksa på skule og jobb.

Helgas fiskeburger er toppa med ei smakfull sylta råkostblanding og spenstig chilimajones. Om du vil ha enda meir eksplosjon av smakar av både syrleg, salt og søtt, så prøv den mørke og litt tjuktflytande kinesiske hoisinsausen som dressing heilt på toppen. Yummi!

FISKEBURGER: Fiskeburger med råkostsalat er ein sikker vinnar! Foto: Studio Dreyer+Hensley, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

4 stk fiskeburger

4 stk burgerbrød

hjertesalat

chilimajones

hoisinsaus


Sylta råkostblanding

1 stor gulrot

80 g hodekål

2 store vårløk

2 dl riseddik

2 ss brunt sukker

2 ss soyasaus

1 ss sesamolje

 

Framgangsmåte

Bland saman eddik, sukker, soyasaus og sesamolje. Kutt grønsakene i tynne strimlar og bland dei inn i syltelaken. La dei stå og trekke litt. Varm fiskeburgerne på grillen, i steikepanna eller i steikeomnen. Rist burgerbrøda lett på grillen, eller i ei tørr panne. Smør chilimajones på botn og hatt, og monter burger med salatblad, burger og sylta grønsaker.

Serveringstips:

Det smaker ekstra godt med litt hoisinsaus som dressing

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar