Sola skin frå skyfrihimmel og det er meldt tosifra varmegrader, så no kjem våren for fullt! Vekk med støvlettar, varme jakker, huer og vottar, for no smakar det godt med lett og frisk mat til middag.
Diktaren Tor Jonsson
(1916-1951) skriv i sitt dikt om vårens vakraste blome kvitveisen slik:
Helga si oppskrift er
rask, sunn og frisk med asiatisk preg. Saftig mangosalat og eggnudlar er knallgodt
til chilisteikt skrei eller annan fiskefilet. Ha ei fin vårhelg!
SKREI: Vår i lufta med asiatisk skrei og mangosalat. Foto: Studio Dreyer+Hensley, Norges sjømatråd. |
Ingrediensar (4
porsj)
800 g skreifilet
med skinn
1 ts tørka chiliflak
1 ts salt
1 ss rapsolje
Mangosalat
½ agurk
1 mango
250 g eggnudlar
1 dl frisk koriander
2 lime
2 ts brunt
sukker
1 ss fiskesaus
(fishsauce)
1 ss soyasaus
Server med
4 stk lime
Framgangsmåte
Skrap skreiskinnet
godt og skjer fisken i porsjonsstykke. Kok eggnudlar etter anvisinga på pakken.
Gni skreistykka med chiliflak og salt. Varm rapsolje i ei steikepanne og steik
skreien med skinnsida ned til skinnet er sprøtt, ca. 4 minutt. Snu skreien og
trekk steikepanna av varmen, og la skreien trekke til den akkurat er gjennomsteikt,
ca. 4 minutt.
Mangosalat
Skjer agurk og mango
i tynne skiver, og bland med koriander. Press safta av lime, og bland med
brunsukker, «fishsauce» og soyasaus. Rør til sukkeret er oppløyst og slå over
agurk, mango og koriander. Server skreien med eggnudlar, mangosalat og limebåtar.