Det er skikkeleg sunnmørssommar ute. Det er regn med lavt skydekke og skodde som heng langt nedi fjella, temperaturen er på pluss-minus 14 grader. Uff, slik er det her ved kysten mellom fjord og fjell, men når sola atter skin og varmen kjem, så er alt gløymt!
Når det er litt hustrig ute, kan det vere godt med noko som smakar skikkeleg. Helgas fiskesuppe er slett ikkje kjedeleg og smaklaus! Suppa er hot (sterk) og gir eit smakseksplosjon med chili og currypaste, som framhevar den milde torskesmaken godt.
Medan vi ventar på sola, god helg!
SUPPE: Hot
fiskesuppe gir varme i kroppen! Foto: Norges sjømatråd. |
Ingrediensar (4
porsj)
800 g torskefilet
3 fedd kvitløk
1 småløk
3 cm frisk ingefær
1 raud chili
2 ss olje
4 ss raud curry paste
3 ss smør
½ grøn squash
3 vårløk
2 boksa rkokosmjølk
3 dl kremfløyte
2 ts sukker
2 lime
1 mango
frisk koriander
Framgangsmåte
Finhakk løk, kvitløk,
chili og ingefær. Surr dette blankt i olje. Tilsett currypaste og smør og rør
godt.
Kutt squash og
vårløk i bitar la dette surre med i 2 minutt. Tilsett kokosmjølk, fløyte, safta
av lime og sukker. Kok opp og la
suppa småkoke. Tilsett torsketerningar, kok opp og la torsken trekke i suppa i
ca. 5 minutt. Server i skåler og topp med mango og vårløk i bitar og hakka
koriander.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar