Haustmørket kjem sigande, men det er framleis fint å sitte ute å ete om kveldane. Det kan vere kjekt med fyr i bålpanna og stearinlys på bordet då vert det fin stemning kring måltidet.
Krabbe er ei nydeleg råvare og no når hausten nærmar seg er
den full av mat, det er fordi krabbene bygg seg opp gjennom sommaren for å
samle energilager til vårens gyting. Det er akkurat dette som gjer dei
proppfulle av deilig, saftig kjøt. Krabbekjøttet magert og godt, og ikkje minst
svært smakfullt.
Eit godt tips er å ta vare på skalet av krabbene, det kan nemleg danne krafta til ei god skaldyrsuppe. Om du ikkje har tid til å lage krafta med det same, kan du fryse skala ned og ta dei opp ved behov. Pasta med krabbe er rask, enkel og veldig god middag!
KRABBE: Pasta med krabbe på haustmenyen. Foto:
Krabbe.no, Norges Sjømatråd. |
Ingrediensar (4 porsjonar)
4 pors pasta
2 stk krabbe
2 raud chili
5 fedd kvitløk
2 ss kapers
1 lime
2 dl extra virgin olivenolje
3 ss frisk kruspersille
salt og pepar
Framgangsmåte
Kok pasta etter anvisning på pakken. Kjør chili, kvitløk,
safta av lime og halvparten av olivenoljen i ein blender til ein fin paste. Rør
inn kutta kapers, hakka persille, kvitt krabbekjøt og resten av oljen. Smak til
med salt og pepar. Sil av pastaen og bland inn halvparten av krabbeblandinga. Legg
opp porsjonar og bruk resten av krabbeblandinga til topping. Pynt gjerne med
litt hakka persille.