Det indiske kjøkkenet er like stort og variert som heile landet, men felles for maten er dei fantastiske kryddera og den gode smaken. Garam masala er ei indisk krydderblanding som kan variere frå familie til familie, men innhaldet er som regel: svart pepar, chilipepar, koriander, spisskum, kardemomme, kanel, muskat og nellik.
Grøne linser
er god erstatning for potet og pasta, det er smart å bløytlegge dei ein times
tid, då blir linsene større og vert raskare kokt. Garam masala på seifilet er
eksotisk, smakfullt og veldig godt. Saman med grøne liser og yoghurt får denne
retten absolutte eit snev av India. Velbekomme!
SEI: Eit snev av India med omnsbakt sei
med grøne linser. Foto: Alf Børjesson, Norges sjømatråd. |
Ingrediensar
(4 porsjonar)
700 g seifilet,
utan skinn og bein
1 ss olivenolje
2 ts salt
2 ts garam
masala
Linser
175 g grøne linser
1 fedd kvitløk
½ sitron
½ ts salt
Mynteyoghurt
2 dl
naturell yoghurt
1 kvist frisk
mynte
1 kvist
frisk bladpersille
Framgangsmåte
Sett steikeomnen
på 225 °C. Skjer sei i serveringsstykke, drypp over olivenolje, og dryss på
salt og garam masala. Legg seistykka på bakepapir på steikebrett og bak dem på
øvste rille i steikeomnen til dei er gjennomsteikte og lett brune på toppen,
ca. 10 minutt.
Linser
Kok linsene
møre i usalta vatn i ca. 15-20 minutt. Sil kokevatnet av. Finhakk kvitløk og
press safta av sitron. Rør kvitløk og sitron saman med linsene, og smak til med
salt.
Mynteyoghurt
Finhakk
mynte og bladpersille, og rør inn i yoghurten.
Server den omnsbakte seien med linser og mynteyoghurt
ved sidan av.