onsdag 28. september 2022

Eit snev av India med omnsbakt sei med grøne linser

Det indiske kjøkkenet er like stort og variert som heile landet, men felles for maten er dei fantastiske kryddera og den gode smaken. Garam masala er ei indisk krydderblanding som kan variere frå familie til familie, men innhaldet er som regel: svart pepar, chilipepar, koriander, spisskum, kardemomme, kanel, muskat og nellik.

Grøne linser er god erstatning for potet og pasta, det er smart å bløytlegge dei ein times tid, då blir linsene større og vert raskare kokt. Garam masala på seifilet er eksotisk, smakfullt og veldig godt. Saman med grøne liser og yoghurt får denne retten absolutte eit snev av India. Velbekomme!

 

SEI: Eit snev av India med omnsbakt sei med grøne linser. Foto: Alf Børjesson, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsjonar)

700 g seifilet, utan skinn og bein

1 ss olivenolje

2 ts salt

2 ts garam masala

 

Linser

175 g grøne linser

1 fedd kvitløk

½ sitron

½ ts salt

 

Mynteyoghurt

2 dl naturell yoghurt

1 kvist frisk mynte

1 kvist frisk bladpersille

 

Framgangsmåte

Sett steikeomnen på 225 °C. Skjer sei i serveringsstykke, drypp over olivenolje, og dryss på salt og garam masala. Legg seistykka på bakepapir på steikebrett og bak dem på øvste rille i steikeomnen til dei er gjennomsteikte og lett brune på toppen, ca. 10 minutt.

Linser

Kok linsene møre i usalta vatn i ca. 15-20 minutt. Sil kokevatnet av. Finhakk kvitløk og press safta av sitron. Rør kvitløk og sitron saman med linsene, og smak til med salt.

Mynteyoghurt

Finhakk mynte og bladpersille, og rør inn i yoghurten.

Server den omnsbakte seien med linser og mynteyoghurt ved sidan av.

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar