Advent er jula si førebuingstid og viste du at det latinske namnet Adventus Domini betyr Herrens ankomst eller komme? Fiolett er advent sin farge og i denne mørketida tenner vi lys i adventskrans og vindauge, og ungane tel ned dagane fram til jul.
Advent er også tida der ein kan samle kollega, vener eller
familie til førjulsselskap og kjekk prøvesmaking av både julemat- og drikke,
det er slett ikkje uvanleg i dag!
Dersom du
skal ha juleselskap enten før eller i jula, kan du kanskje prøve ut ein ny forrett?
Denne nydelig krema laksemousse av røykt laks med agurk servert i små glas er ein
forrett det er lett å imponere med. Laksmoussen kan lagast i god tid før
gjestene kjem slik at du kan ta den rett fra kjøleskapet og servere. Ha ei fin førjulstid!
RØYKT LAKS: Imponer gjestane med laksemousse og agurk i glas. Foto: Aina Hole, Norges sjømatråd. |
Ingrediensar (4 pers)
200 g røykt
laks
½ agurk
2 ½ dl fløyte
1 ts sitronsaft
1 ts kvitvinseddik
1 eggekvite
2 ss frisk bladpersille
pepar
rømme
Framgangsmåte
Bland røykt laks, fløyte, sitronsaft, kvitvinseddik
og grovhakka bladpersille i ein kjøkenmaskin til du får en jamn krem. Ha
laksekremen i ein bolle og tilsett salt og pepar etter smak. Rør godt. Pisk
eggekviten stiv med ein elektrisk miksar og snu den forsiktig inn i laksekremen
for å få ein luftig og lett mousse.
Fordel laksemoussen i små glas. Vask agurken, del den
i to og fjern kjernen med ei skei før du skjer den opp i små terningar. Legg
agurkterningar og laksemousse lagvis i glasa. Sett glasa i kjøleskap fram til
dei skal etast. Pynt glasa med laksemousse med rømme og litt persille, og
server kjølig som ein forrett eller til aperitiff.
Tips: server laksemousse i glas saman med ein
liten sprø kjeks for meir crunch, eller oppå ein kjeks som snacks. Dersom du
ønsker ein mildare laksemousse kan du bytte ut deler av røykelaksen med fersk
rå laks.