Lutefisk er ein akta og elska rett, og for oss som minnast tidlegare utanrikskorrespondent i NRK og sjefredaktør i Dagbladet Jan Otto Johansen (1934-2018), var han ikkje minst kjent som lutefiskens førsteelskar. Han ga i 1997 ut boka «Lutefisk - tradisjon, tilbereding og tilbehør» og i epilogen fann eg denne vakre hyllingssongen, som berre må delast:
O lutefisk, vi bøyer oss
For kongen iblant og spiser.
Den skjelv av mykt belutret liv
fortjener alle priser.
Hvert år vi venter like spent
med vann i munn og håpet tent.
O lutefisk, din frelste flokk
ærbødighet deg viser.
O lutefisk, sublime sol
hvor finnes vel din mage?
Vi lader Wien sin wurst i fred
og Rom sin pizza bage.
Må svensken ha sin sure sild
og dansken spise hvad han vil.
Med deg servert på vårt bord
Vi intet andet smage.
O lutefisk, celestial
celebritet, deslige.
Om duft av deg til himlen når,
misundes jorderige.
I bad av
gyldens baconfedt
tilsamman med en hvit potet.
Du fryder oss så himmelsk at
all jordisk lyst må vige.
(Tekst:
Oscar Kvåle, Mel: O`Tannenbaum)
LUTEFISK: Lutefisk med kvit saus til jul. Foto:
Aina Hole, Norges sjømatråd. |
Ingrediensar
(4 pers)
2 kg lutefisk
2 ss salt
4 skiver
bacon
Kvit saus
3 ss smør
3 ss kveitemjøl
4 dl mjølk
½ ts salt
8 stk heil pepar
3 stk heil allehånde
4 stk nellikspiker
1 ss smør
1 dl fiskekraft
Ertestuing
1 stk sjalottløk
400 g frosne
erter
Server med
potet
sennep
Framgangsmåte
Set steikeomnen på 200 °C. Del opp lutefisken i
serveringsstykke og legg dei i ei langpanne med skinnsida ned. Drys over salt
og dekk langpanna med aluminiumsfolie. Steik lutefiskstykka i steikeomnen i ca.
30 minutt. Steik bacon i ei tørr panne.
Kvit saus
Smelt smør og rør inn kveitemjølet. Spe på litt og litt mjølk, og tilsett salt, heil svart pepar, allehånde og nellikspiker. La sausen koke i ca. 5 minutt. Sil sausen, og tilsett smør og fiskekraft til sausen får ein fin konsistens.
Erter
Surr finhakka
sjalottløk i smør og tilsett erter. La ertene surre i ca. 2
minutt slik at dei blir gjennomvarme.
Server lutefisk med steikt bacon, kvit saus, erter, kokt
potet og sennep.
Tips:
Dersom du vil ha fast lutefisk, dryss salt over og la
lutefisken stå kjølig eit par timer. Slå av vatnet som trekkast ut og skyl
deretter lutefisken i kaldt vatn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar