Det er umogleg å sleppe tak i skreien no når vi er midt i sesongen, så her kjem endå ei oppskrift på korleis ein kan lage eit festmåltid av denne lekre råvara. Sjømatelskarar over heile verda set pris på skreien, og no kan vi også eksperimentere med skrei med ny vri.
Skrei har ein mild smak og det kan vere spennande
«å piffe den opp» med
parmesangratinering. Parmesan er ein italiensk, fast og feit ost med smak av
både salt og sødme. Osten er mest kjent som fast tilbehøyr til pastarettar og
italienarane brukar den som krydder i matlaginga.
Å lage parmesangratinert skrei er
overraskande lettvint, og saman med bakte rotgrønsaker vert dette både eit
eksklusivt og smaksrikt festmåltid. Hurra for skreien vår!
SKREI: Smak parmesangratinert skrei med bakte rotgrønsaker. Foto: Studio
Dreyer + Hensley, Norges sjømatråd. |
Ingrediensar (4 porsjonar)
800 g
skreifilet, utan skinn og bein
Parmesankrem
½ ts flaksalt
1 eggeplomme
2 ss fløyte
50 g riven parmesan
1 fedd kvitløk
1 ss rosmarin
Rotgrønsaker
2 søt potet
1 sellerirot
2 ss rosmarin
5 ss olivenolje
salt og pepar
sitronsaft
Råkost
1 crispisalat
250 g råkost
2 ss grasløk
½ sitron
4 ss olivenolje
salt og pepar
Fremgangsmåte
Rosmarinbakt selleri og søtpotet.
Forvarm omnen til 200 grader. Skrell og kutt sellerirot og søtpotet i store klossar på 3-4 cm. Slå over olje, salt og hakka rosmarin. Legg dei i eldfast form med bakepapir i botnen og bak dei i 40 minutt på 200 grader med varmluft. Dei skal bli godt bakte å få ein fin farge og mjuk konsistens. Press over sitronsaft ved servering.
Parmesangratinert
skrei
Dryss litt salt over og under skreien og legg den på ei eldfast fat/form. Rør saman alle ingrediensane til parmesanrøra i ein bolle og fordel denne over heile overflata på skreien. Set forma/fatet midt i forvarma omn ved 200 grader med grillfunksjon. La skreien steike til den har fått ei fin gratinert skorpe i omtrent 10 minutt. Sjekk den tjukkaste delen av fileten om den flakar når du pressa på den, då er den ferdig steikt og perfekt til servering. Er den litt rå, skru av omnen og la fisken stå og trekke nokre minutt.
Frisk Råkost
Hakk grasløk og
bland inn sitronsaft, salt, pepar og olivenolje i ein stor bolle. Bruk gjerne
ferdig råkost-mix som du finn i butikken. Dersom ikkje kan du lage din eigen
med for eksempel gulrot og kål. Vend råkosten og crispisalaten i bollen rett
før servering.