Det er sesong for skrei! Skrei er den muskuløse torsken som vandrar frå Barentshavet og nedover norskekysten for å gyte. Omtrent 40 % av skreien gyt i Lofoten-området og fiskeriet i nord er i full gang. Skrei er vinterens mest dyrebare råvare og vi kan no meske oss med fersk skrei, lever og rogn.
Om du vil modernisere den tradisjonsrike
skreimølja, kan du prøve helgas oppskrift der den milde og friske smaken av
skrei, møter den sterke og spenstige smaken av chorizo. Chorizo er ei pølse med
sterk smak som oftast laga av svinekjøt med forskjellig krydder, og den raude
fargen kjem frå raudt paprikapulver.
Granatepla sine knasande, syrlege og svært
aromatiske frø saman med sterk choritzopølse er spennande og godt tilbehøyr til
sesongens ferske skrei. Berre prøv!
SKREI: Smak sesongens skrei med chorizopølse. Foto:
Roland Persson, Norges sjømatråd. |
Ingrediensar (4 porsjonar)
800 g skreifilet
med skinn
5 ss salt
1 l vatn
1 ss solsikkeolje
100 g chorizopølse
2 friske kruspersille
½ granateple
1 sitron
Potetmos
800 g poteter
2 dl mjølk
2 ss smør
salt og pepar
Fremgangsmåte
Sett steikeomnen på 200 °C. Skjer
skreifileten i porsjonsstykke. Rør saltet ut i vatn og la skreien ligge i vatnet
i 15 minutt. Ta skreistykka ut av vatnet og tørk dei med tørkepapir. Steik
skreistykka med skinnsida ned i solsikkeolje i ei varm steikepanne til skinnet
er brunt, ca. 3 minutt. Legg stykka over i ei smurt eldfast form med skinnsida
opp og steik i steikeomnen til den er ferdig, ca. 3 minutt. Skjer chorizo i
skiver og steik dei sprø i steikefeittet frå skreien. Skjer persille i strimlar,
ta kjernane ut av granateple og riv skal av sitron. Bland persille, granateple
og sitronskall med chorizopølse.
Potetmos
Skrell potet og skjer i skiver. Kok
potetskivene møre, mos dei og rør inn mjølk og smør til passe konsistens. Smak
til med salt og pepar.
Server skreien med granateple- og chorizoblandinga
saman med potetmos
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar