Matjesild er ein spesialitet frå Nederland og er modna sild. Reinska sild vert salta og modna i tønner, og dersom den er fanga i mai eller juni når silda er feitast (minst 16%) kallast den på nederlandsk «Hollandse Nieuwe». Matjesild eller Maatjessharing på nederlandsk, betyr jomfrusild.
Jomfrusild er nett kjønnsmoden og har endå
ikkje rukke å utvikle mjølke eller rogn. Silda er altså ung, feit og struttande
sunn. Egersund er matjesilda sin hovudstad og når fiskebåtane legg til kai med
jomfrusild startar auksjonane der nederlandske oppkjøparar byr om kapp på
sesongens delikatesse.
Matjesild brukast til sildepålegg, etast
med potet, hardkokt egg og flatbrød, grillast, brukast i wrap og sushi.
Matjesildelskarar svergar til Matjesild i lompe og beskriv smaken som ei
blanding av hav, sjøkreps, østers og umani. Matjesildtartar er derimot friskt
med eple og dill, og du kan bruke retten som ein god forrett eller nydeleg sommarlunsj.
SILD: Matjestartar
med eple og dill. Foto: Aina Hole, Norges sjømatråd. |
Ingrediensar (4 porsjonar)
4 doble filetar matjessild
1 gul løk
1 eple
1 ts sitronsaft
4 ss crème fraîche
1 ss frisk dill
pepar
Server med
grovbrød eller rugbrød
salat
reddik
dill
Framgangsmåte
Hakk matjesfiletane grovt og finhakk løk. Skrell og skjer eple i små terningar. Ha sitronsaft over epleterningane. Bland matjessild, løk, epleterningar, crème fraîche, og finhakka dill. Smak til med pepar. Ha tartaren på skiver av grovt brød eller rugbrød. Server på salat med reddikskiver og dill som pynt.
Tips: Du kan bruke ei lita ringform eller lignande for å forme brødet og
tartaren.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar