fredag 16. juni 2023

Skattekiste fylt med grilla sei i folie

Hipp hurra for sommaren og grillsesongen er absolutt i full gong! Typisk norsk grillmat er ofte prega av å innehalde kjøt og pølser, men å grille fisk og sjømat er eit ypparleg alternativ.

Å grille fisk er både raskt, enkelt og godt. Noko av det enklaste ein kan legge på grillen er grillpakkar fylt med ulik fisk, skaldyr, urter og grønsaker. Det er ein fin sosial aktivitet at middagsgjestane kan få tilpasse grillpakken etter sine eigne preferansar.

Om du likevel vil ha eit tips til samansetting i grillpakken kan du prøve Grilla sei i folie. Dette er rett og slett ei skattekiste med smaken av urter, chili og sitrongras og saman med steikte nypotet vert smaken av sommar på tallerkenen!

SEI: Skattekiste fylt med grilla sei i folie. Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd.


1 kg seifilet, utan skinn og bein

2 ts salt

500 g nypotet

1 ts korianderfrø

1 stk lime

1 stk raud chili

1 stk sitrongras

2 ss frisk mynte

2 ss honning

2 ss frisk koriander

olje

aluminiumsfolie

 

Salat

2 stk salat

2 dl frisk bladpersille

1 raudløk

1 agurk

2  eple

 

Dressing

50 g hasselnøtter

3 ss honning

6 ss eplecidereddik

6 ss olivenolje

salt

grovmalt pepar

sesamolje

 

Framgangsmåte

Dryss salt på seifilet og la den kvile i ca. 10 minutt. Kok nypotet til dei er nesten møre, avkjøl og skjer dei i tykke skiver. Legg seien på eit stykke aluminiumsfolie smurt med olje og dryss over korianderfrø. Riv skal og press saft av lime, finhakk chili, sitrongras og mynte. Bland skal og saft av lime med chili, sitrongras og mynte, og smør blandinga over seien. Brett aluminiumsfolien rundt seien og grill den ca. 15 minutt, under lok dersom grillen har det. Pensle potetene med litt olje og grill dei på begge sider. Opne aluminiumsfolien med sei og dryss finhakka koriander over før servering.

Salat

Riv salat og grovhakk bladpersille. Finhakk raudløk, og skjer agurk og eple i terningar.

Dressing

Grovhakk hasselnøtter, og bland med honning, eplecidereddik og olivenolje. Smak til dressingen med salt, pepar og litt sesamolje. Bland dressingen forsiktig inn i salaten.

Server grilla sei og potet med salaten ved sidan av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar