Breiflabb er også kjent som marulk, flabb, ulke, sjødjevel, havtaske og storkjeft, den ser skrekkinngytande ut og var tidlegare kjent som «ufisk». Ufisk er eit uttrykk brukt om fiskeslag som ikkje blei rekna som god matfisk, men den oppfatninga har endra seg med tida.
I
dag er breiflabb ei delikatesse og fiskekjøtet er kvitt, fast, delikat og
magert. Det viktigaste å huske på med breiflabb er å tilføre litt feitt undervegs
i tillaginga og å varmebehandle den med omhug slik at den ikkje blir seig og
tørr.
Breiflabb er fast i kjøtet og dermed enkel å grille. Helgas oppskrift der er indisk inspirert ved at breiflabben er marinert i ein tandoorimarinade og skal serverast med tzatziki og grilla grønsaker. Dette er luksus sommarmat!
BREIFLABB:
Grilla breiflabb med tandoorismak er luksus! Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd. |
Ingrediensar (4 porsj)
800 g breiflabbfilet
2 ss frisk koriander
2 dl naturell yoghurt
3 ts tandoori
masala
1 ts gurkemeie
½ ts kajennepepar
grillspyd
olivenolje
Grønsaksspyd
12stkpotet,
amandine
1stkpaprika, rød
1stkpaprika, gul
1stkpaprika, grønn
1stkrødløk
Olivenolje
Tzatziki
½ agurk
1 fedd kvitløk
2 ss frisk mynte
½ stk sitron
2 dl naturell yoghurt
olivenolje
salt og pepar
Framgangsmåte
Varm grillen. Skjer
breiflabb i bitar på ca. 3x3 cm. Grovhakk koriander og
bland det saman med yoghurt. Rør inn tandoori masala, gurkemeie og kajennepepar.
Snu inn breiflabb i marinaden og la den marinere i minst 15 minutt. Tre
breiflabbitane på grillspyd og pensle lett med olivenolje. Grill breiflabbspyda
på direkte varme og snu spyda når du kjenner at dei løsnar. La det grille i ca.
10-15 minutt til saman.
Grønnsaksspyd
Kok potet i 10-15 minutt. Skjer paprika og
raudløk i store bitar. Tre potet og grønsaker på grillspyd, og pensle med
olivenolje. Grill først på direkte varme i fem minutt og legg dei så over på
indirekte varme i 10 minutt.
Tzatziki
Riv agurk, finhakk kvitløk og mynte, og
press safta frå sitronen. Ha agurken i eit kaffefilter og press forsiktig ut
agurkvatnet ved å trykke lett rundt filteret. Bland saman agurk, kvitløk, mynte
og yoghurt, og smak til med sitronsaft, olivenolje, salt og pepar.
Server breiflabb med grønsaksspyd og
tzatziki.
Tips: Brukar du trespyd må disse ligge i vatn i 30
minutt før du bruker dei.