tirsdag 4. juli 2023

Grilla breiflabb med tandoorismak er luksus!

Breiflabb er også kjent som marulk, flabb, ulke, sjødjevel, havtaske og storkjeft, den ser skrekkinngytande ut og var tidlegare kjent som «ufisk». Ufisk er eit uttrykk brukt om fiskeslag som ikkje blei rekna som god matfisk, men den oppfatninga har endra seg med tida.

I dag er breiflabb ei delikatesse og fiskekjøtet er kvitt, fast, delikat og magert. Det viktigaste å huske på med breiflabb er å tilføre litt feitt undervegs i tillaginga og å varmebehandle den med omhug slik at den ikkje blir seig og tørr.

Breiflabb er fast i kjøtet og dermed enkel å grille. Helgas oppskrift der er indisk inspirert ved at breiflabben er marinert i ein tandoorimarinade og skal serverast med tzatziki og grilla grønsaker. Dette er luksus sommarmat!

BREIFLABB: Grilla breiflabb med tandoorismak er luksus! Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsj)

800 g breiflabbfilet

2 ss frisk koriander

2 dl naturell yoghurt

3 ts tandoori masala

1 ts gurkemeie

½ ts kajennepepar

grillspyd

olivenolje

 

Grønsaksspyd

12stkpotet, amandine

1stkpaprika, rød

1stkpaprika, gul

1stkpaprika, grønn

1stkrødløk

Olivenolje

 

Tzatziki

½ agurk

1 fedd kvitløk

2 ss frisk mynte

½ stk sitron

2 dl naturell yoghurt

olivenolje

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Varm grillen. Skjer breiflabb i bitar på ca. 3x3 cm. Grovhakk koriander og bland det saman med yoghurt. Rør inn tandoori masala, gurkemeie og kajennepepar. Snu inn breiflabb i marinaden og la den marinere i minst 15 minutt. Tre breiflabbitane på grillspyd og pensle lett med olivenolje. Grill breiflabbspyda på direkte varme og snu spyda når du kjenner at dei løsnar. La det grille i ca. 10-15 minutt til saman.

Grønnsaksspyd

Kok potet i 10-15 minutt. Skjer paprika og raudløk i store bitar. Tre potet og grønsaker på grillspyd, og pensle med olivenolje. Grill først på direkte varme i fem minutt og legg dei så over på indirekte varme i 10 minutt.

Tzatziki

Riv agurk, finhakk kvitløk og mynte, og press safta frå sitronen. Ha agurken i eit kaffefilter og press forsiktig ut agurkvatnet ved å trykke lett rundt filteret. Bland saman agurk, kvitløk, mynte og yoghurt, og smak til med sitronsaft, olivenolje, salt og pepar.

Server breiflabb med grønsaksspyd og tzatziki.

Tips: Brukar du trespyd må disse ligge i vatn i 30 minutt før du bruker dei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar