No er kvardagen tilbake og det er full fart med skule og arbeidsliv. Vi må sjølvsagt huske å ta med matpakken vår, og matboksar, mat- og mellomleggspapir som ligg i kjøkkenskuffa må vere klar til bruk og kunne fyllast og pakkast til medbrakt lunsj.
Visste du at vår matpakke i dag er ein modell
av Oslofrukosten som vart innført av Oslos skulelegesjef Carl Schiøtz i 1929?
Oslofrukosten bestod av ein halv liter mjølk, to små kneippkavringar eller
knekkebrød med margarin og mysost, grovt kneippbrød med margarin og pålegg, for
eksempel ost og torskeleverpostei, eit halvt eple eller ein halv appelsin eller
100 gram gulrot eller kålrot, og ei teskei tran dagleg i vintermånadane.
Oslofrukosten er altså årsaka til at vi i
Noreg et eit kaldt måltid til lunsj i motsetning til Sverige, Finland og mange andre
land i verda. Vi nordmenn elskar matpakkane våre, og ein kollega uttrykte ein
gong at to brødskiver med litt sveitt brunost alltid smakar godt når klokka er 11.30
på ein kvardag.
Treng du litt variasjon i matpakken din er det supert å legge fiskekaker eller fiskepudding mellom to brødskiver, eit hamburgerbrød eller pitabrød. Husk alltid å velge noko grønt som til!
MATPAKKE: Fiskekake
i pitabrød er eit godt matpakketips! Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd. |
Ingrediensar:
Fiskekaker eller
fiskepudding
Pitabrød, hamburgerbrød
eller brødskiver
Salat, avocado,
agurk, dressing etc.