Japansk matkultur har kome til Norge for å bli, og mange elskar den friske smaken av sashimi. Sashimi tynne skiver eller bitar av rå fisk eller anna sjømat som serverast med for eksempelt wasabi, skiva reddik, sylta ingefær, sylta raudløk og sjølvsagt soyasaus.
Den enkle soyasausen kan med fordel
forvandlast til ein smakfull ponzusaus, som er soyasaus tilsett litt søtt, litt
surt, nøttesmaken av sesamolje og fersk ingefær som kan brenne litt på tunga.
Ponzosaus saman sashimi er litt av ein
smakseksplosjon i munnen.
Denne retten kan brukast som forrett,
lunsj eller berre ein koserett når ein er «litt fysen» om kvelden!
LAKS: Nyt laks sashimi med ingefærponzu. Foto: Josefin Linder. Norges sjømatråd. |
400 g laksefilet,
utan skinn og bein
2 avokado
2 ss sesamfrø
2 ss karse
Sylta raudløk
1 raudløk
½ dl 7% eddik
1 dl sukker
1 ½ dl vatn
Ponzusaus
1 dl soyasaus
1 ½ lime
1 ts sukker
1 ts sesamolje
2 cm ferske,
riven Ingefær
Framgangsmåte
Sørg for at laksen er av høg kvalitet og bruk
gjerne loins. Sørg for at laksen er fersk, eller at den har vært fryst i
minimum 24 timar. Skjer raudløken i skiver. Kok opp vatn, sukker, eddik, og ha
i løken. La den kjøle seg ned i laken (best om den er laga dagen før). Bland
saman ingrediensane til ponzusausen. Skjer laksen i tynne skive, og avokado i
passande bitar. Dander dette saman med sylta raudløk, og dryss over rista
sesamfrø og karse. Server ingefærponzu ved sidan av.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar