Oh- la -la eller du store min kan ein utrykke på fransk med beundrande begeistring berre ved synet av kamskjel sin ytre utsjånad, og ikkje minst også når ein smakar på denne delikatessa av sjømat!
Kamskjel er perfekt saman med fersk
asparges. Eit tips til reinskinga av aspargesen er å kutte eller knekke vekk den
trevlete delen, der det grøne går over i kvit-lilla, cirka 2-3 centimeter opp
fra botnen. Om du ønsker å skrelle aspargesen, kan du gjere det.
I denne oppskrifta kombinerer ein steikte
kamskjel med litt sterk smak av chili og kvitløk saman med mild smak av asparges. Retten er rask å lage til: Voilà
eller sjå der eller vips –
retten er klar for servering!
KAMSKJEL: Oh-là-
là kamskjell med chili, kvitløk og asparges er lekkert! Foto: Marianne Aaronsen, Norges
sjømatråd. |
Ingrediensar (4 personar)
12 kamskjel
12 asparges
sukker
salt
Marinade
1 raud chili
2 fedd kvitløk
1 dl solsikkeolje
½ dl vatn
Saus
2 dl matfløyte
2 ss smør
salt og pepar
Server med
Salat
Framgangsmåte
Brukar du ferske kamskjel startar du med å
opne og reinske skjela. Fryste kamskjel legg du i ein bolle, let dei tine i
kjøleskap og renne av seg på tørkepapir. Kok opp vatn med litt sukker og salt. Legg
i reinska asparges og la dei koke i ca. 1-2 minutt.
Marinade
Finhakk chili og kvitløk, og rør saman med
solsikkeolje og vatn. La kamskjela ligge i marinaden minst 1 time. Ta kamskjela
opp av marinaden og la dei renne av seg på tørkepapir. Ta vare på marinaden til
du skal lage saus. Steik kamskjela raskt i steikepanne eller på grill, ca. 30
sekunder på kvar side.
Saus
Slå marinaden over i ein liten kasserolle
og kok den inn til det halve. Tilsett matfløyte og la den koke litt. Pisk smør
inn rett før servering og smak til med salt og pepar.
Server steikte kamskjel med saus over, og
asparges og salat ved sidan av.