Klippfisk er fantastisk grillmat! Den er også
enklare å få heilt perfekt enn anna fisk, sidan den er litt fastare i fisken.
Når du skal grille klippfisk må nokre ting vere klart før du startar. Klippfisken
er veldig salt og den må vatnast ut før bruk, og når den skal brukast til
steiking og grilling bør den vatnast ut lengre enn til ei klassisk
bacalaogryte. Ferdig utvatna klippfisk kan også frysast ned slik at den er klar
til ei seinare anledning.
Det rette tilbehøret til grilla klippfisk gir
måltidet ein ekstra spiss. Sjømat krev litt salt og syre for at smaken skal
kome til sin rett, og marinaden gjer jobben med å framheve den gode sjømaten.
Marinaden i denne retten kan du også pensle ekstra på etter at fisken er
grilla. Om du ikkje har ei grillrist som vist på bilde kan du med fordel bruke
eit grillbrett på grillen.
Om sommaren er det nydelig med friske smakar, slik
som i denne mango- og avokadosalaten: søtt, mjukt, knasande sprø lauk og eit
hint av chili og sitrus. Dette gir ein ny grillopplevelse med ei
tradisjonsrik råvare, hopp i havet kor godt!
SOMMARFAVORITT: Marinert klippfisk er fantastisk grillmat. Foto: Norges Sjømatråd, Eva Brænd. |
Ingrediensar
til 4 porsjonar
1 dl olivenolje
1 ts pepar, heil svart
2 ss sherryeddik
1 stk laurbærblad
1 stk avokado
½ raudlauk
½ chili, raud
2 ss persille, frisk
2 ss lime
4 ss appelsin
1 ss olivenolje
salt og pepar
Marinade
½ chili, raud
Mango- og avokadosalat
1 stk mango
Tilbehør
Nypotet eller set kokte
amadinepoteter som er delt i to på grillspyd, pensle dei med olje og grill. Det
er også enkelt og godt med brød ved sidan av.
Framgangsmåte
·
Skjer
klippfisken i serveringsstykke.
·
Finhakk chili, bland den saman med dei andre ingrediensane til
marinaden.
·
Slå marinaden over klippfisken, og la den marinere i 3-4 timar.
·
Legg klippfisken i ei dobbel grillrist eller på eit grillbrett og steik
den på varm grill i 3-4 minutt på kvar side.
·
Skjer mango, avokado og raudlauk i små terningar, og finhakk chili og
persille.
·
Riv skalet av limen, og press safta av lime og appelsin.
·
Bland mango, avokado, raudlauk, chili og persille med olivenolje, og
slå over limesaft og appelsinsaft.
·
Dryss rive skal av lime på toppen av salaten og smak til med salt og
pepar.
Server klippfisk med
mango- og avokadosalat og nypotet, grilla amadinepotet eller brød ved siden av.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar