mandag 31. juli 2017

Smak av sommar med sjøkreps på grillen!

Sjøkreps, keisarhummar eller bokstavhummar er som eit kjært barn med mange navn.  Sjøkrepsen er ein nær slektning av hummar, men er mykje mindre og slankare med lange smale klør. Den kan bli opptil 25 cm og finnast langs kysten frå  Marokko i sør til Lofoten i nord. Fangstmetoden er teiner, sjøkrepstrål eller som bifangst i reketrål.

Delikatessa sjøkreps er på linje med hummar og mesteparten av maten sit i halen. Smaken kan minne om både hummar og reker. Dette er herlig, eksklusiv og rask grillmat som kan brukast både til fortett eller som eit utsøkt sjømatmåltid åleine.

Urtesmør av forskjellige slag passar godt til sjøkreps, og i denne oppskrifta er det urtesmør av estragon og kvitlauk. Estragon er hjartet i smaken av bèranisesausen, smaken er litt peparaktig og lett bitter med ein undertone av anis.  Det er berre å brette opp armane og slurpe maten i seg , dette er himmelsk godt!

SJØKREPS: Foto: Grilla sjøkreps med estragon- og kvitlaukssmør. Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.

Ingrediensar til 4 porsjonar

4 stk  sjøkreps 
150 g  smør 
1/2 dl  estragon 
4 fedd  kvitlauk 
1 stk  sitron 
1 stk  lime 
salt 
pepar, grovmalt 

Tilbehør

Godt brød 

Framgangsmåte.
  • Del sjøkrepsane på langs og fjern tarmstrengen.
  • La smøret bli mjukt i romtemperatur.
  • Finhakk estragon, riv kvitlauk, og bland med smøret.
  • Smør smøret på krepsekjøttet, og dryss over salt og pepar.
  • Skjær sitron og lime i båtar, og steik lett på grillen.
  • Legg sjøkrepsane på grillen med skalet ned.
  • Legg på lok og grill i til krepsekjøtet er kvitt, ca. 3 minutt.
Server grilla sjøkreps med grilla sitron og lime, og godt brød ved siden av

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar