søndag 17. september 2017

Krabbe naturell med tre gode sausar

Hausten er høgsesong for krabbe, då er både skalet og klørne fylt med nydelig krabbekjøt. Fersk krabbe er på sitt beste frå september til november.  Krabbe er perfekte festmat fordi det er enkelt å servere og det blir god stemning rundt bordet når alle må jobbe for å finne maten i krabbehuset sine små rom og knekke krabbeklør.


Til krabbefesten treng du ein krabbe til kvar gjest og for å vere på den sikre sida  kan du kjøpe nokre lause krabbeklør i tillegg. Eg vil anbefale to viktige reiskap når du serverer krabbe: Hummargaffel eller ein spiss pinsett for å finne maten i krabbehuset og ein nøtteknekkar til klørne. På bildet ser du også ein hammar som kan vere eit god hjelpemiddel mot hardt skal. Skyljebollar og rikelig med serviettar er å fortrekke på bordet framfor duk, fordi krabbefesten kan setje spor.

Nyt krabbe naturell som no er velfylte med smakfullt krabbekjøt, dette er ein av dei mest fantastiske sjømatrettane du kan servere. Server krabben saman med loff, smør, majones og sitron og i dag får du også forslag til tre sausar som kan vere «prikken over i’ en» for måltidet. God sjømathelg!

KRABBEFEST: Krabbe naturell med tre gode sausar. Foto: Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.



Ingrediensar til 4 porsjonar

4 heile krabber + eventuelt ekstra klør
sitronbåtar
grønt
loff
smør

Mangosalsa:
1 stor, godt moden mango
1 tomat
2 ss olivenolje
1 ss sitronsaft
salt, pepar
2 ss hakka kjørvel

Sitron-persillesaus:
1 egg
saft av ½ sitron
2 ss finhakka persille
1—1 ½ dl kesam
salt, pepar

Stavmiksaraïoli:
1 eggeplomme
1 knivspiss salt
1 knivspiss pepper
1 ss sitronsaft
2 hvitløkbåter, hakket
½ ts sennep
ca. 1 dl nøytral olje


Framgangsmåte

Mangosalsa:
·         Skrell og skjer mangokjøtet frå steinen.
·         Skjer kjøtet i små terningar.
·         Del tomaten og grav ut frøda.
·         Skjer tomatkjøttet i små terningar.
·         Bland alt og smak sausen til med salt og pepar.
·         Rør inn kjørvel.

Sitron-persillesaus:
·         Rør saman egg, sitronsaft og persille i ein liten bolle.
·         Sett den over eit lite kokekar med kokande vatn.
·         Rør til eggeplommen tjuknar.
·         Ta bollen opp av vassbadet og avkjøl eggemassa.
·         Rør inn kesam og smak til med salt og pepar.

Stavmikseraïoli: (dette er den enkleste måten å lage majones på).
·         Bruk begeret som fyl med stavmiksaren.
·         Ha eggeplomme, salt, pepar, sitronsaft, hakka kvitlauk, sennep og det meste av oljen i begeret.
·         Pass på at eggeplomma ikkje knusast.
·         Sett stavmikseren midt i eggeplommen og kjør den på topp hastighet til majonesen tjuknar.
Spe med meir olje etter kvart

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar