Frå eit historisk perspektiv har silda berga befolkninga
gjennom generasjonar og særskilt gjennom magre år og krig. Silda er faktisk noko
av det beste havet har å tilby av råvarer.
Sild er rik på næringsstoff og eit av dei viktigaste
er umetta omega -3 feittsyrer. Feittsyrene hjelper oss med å oppretthald godt
syn, bidreg til at hjernecellene jobbar lynraskt og til å oppretthalde hjartet
sin normalfunksjon. Eg nemner at omega -3 finnast også i tran.
Sild er ein av våre viktigaste matfiskar og den
har mange bruksområder. Hugs at ein ikkje treng å berre fokusere på umetta feittsyreinnhaldet
til middag, sild kan ein med fordel spreie utover dagens måltid som pålegg.
Rosa
sildesalat smakar godt, er saftig og har litt kraftig smak. Ta med eit glas
sildesalat til sunn jobblunsj oppå grovskiver, eller etter ein kald kveldstur
smakar det ekstra godt med sildesalat oppå rugbrød og ein varm kopp kakao til
kveldsmat. Av
sild blir du også snild!
SILD: Rosa sildesalat er godt vinterpålegg. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne
Aaronsen.
INGREDIENSAR:
10 stk kryddersildfilet
2 stk potet
1 stk eple
6 skiver sylta rødbete
10 skiver sylteagurk
1 stk lauk
200 g lettmajones
2 dl lettrømme
eplecidereddik
sukker
TILBEHØR
Grov
brød, rugbrød
FRAMGANGSMÅTE
Smak på sildefiletane og legg dei i vatn eller
mjølk eit par timar dersom dei er for salte. Skrell og kok potet. Tørk
sildefiletane og skjer dei i terningar. Skjer potet, eple og rødbete i terningar,
og finhakk sylteagurk og lauk. Rør saman lettmajones og
lettrømme, smak til med eddik og litt sukker etter ønske. Vend inn dei øvrige
ingrediensane forsiktig.
Sildesalaten
er klar til servering, og er haldbar i kjøleskapet i ca. 1 veke.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar