Asiatiske mattradisjonar har eit enormt
spenn heilt frå flate brød og kebab i Midtausten og chillisterke sausar og
krydder i Kina til sushi og soya i Japan. Asiatisk mat kjenneteiknast ofte av
enkle råvarer laga til med enkelt utstyr på ein enkel måte. Asiatisk mat er
balansert smaksett med særprega lokale krydder og sausar. Tilgjengelege
råvarer, innflytelse frå naboland, handelsavtalar og lokal økonomi og kultur
gir retning til dei ulike mattradisjonane.
Helgas oppskrift er norsk breiflabb i
kombinasjon med eksotiske asiatiske smakar. Mange oppskrifter frå austen er
basert på kokosmjølk med klassiske krydder og grønsaker som kvitlauk, lime,
soya, chili og ingefær. Spicy betyr krydra og betydninga
av spicy er både sterk og smakfull. Til dei som vil ha sterkt krydra breiflabb og suppe er det berre å
tilsette endå meir både chili og andre krydder.
I enkelte delar av Asia oppfattast som høfleg
å lage slurpe- og smattelydar når ein et, det er nemleg eit komplement til
kokken. Denne spicy kokossuppa med gode grønsaker toppa med marinert breiflabb er
absolutt slurpbar, god fornøyelse!
BREIFLABB: Marinert breiflabb i spicy kokossuppe. Foto: Synøve Dreyer, Norges
Sjømatråd.
Ingrediensar
(4 porsj.)
4 stk breiflabbkotelettar
2 fedd kvitlauk
1 ss frisk ingefær
½ dl chilisaus
1 ss oyster sauce
1 ts soyasaus
1 ts worcestershiresaus
1 ss sitronsaft
1 ss rapsolje
1 ts sesamolje
Suppe
2 fedd kvitlauk
1 stk raud chili
1 ss frisk ingefær
4 dl kyllingbuljong
1 dl kokosmjølk
12 stk limeblad
2 dl kremfløyte
2 ss maisennamjøl
salt og pepar
Grønsaker
1 stk raudlauk
20 stk sukkererter
6 stk vårløk
12 stk minimais
Tilbehør
Graslauk
Framgangsmåte
Finhakk kvitlauk og riv ingefær. Lag ein marinade av kvitlauk,
ingefær, chilisaus, oyster sauce, soyasaus, worchestershiresaus, sitronsaft,
rapsolje og sesamolje. Pensle breiflabbkotelettane med marinaden og la dei
ligge på benken i 30 minutt. Steik kotelettane i rapsolje på middels varme, i
2- 3 minutt på kvar side. Ettersteik i steikeomn dersom kotelettane er veldig tjukke.
Suppe
Finhakk kvitlauk, chili og ingefær. Kok opp kyllingbuljong og
kokosmjølk i ei gryte og la det koke inn i ca. 5 minutt. Tilsett kvitlauk,
chili, ingefær, limeblad og fløyte, og la suppa trekke litt. Jamn ut suppa med
maisennamjøl utblanda i kaldt vatn, til ønska tjukkelse. Smak til med salt og
pepar, og ta gjerne ut limeblada før servering.
Grønsaker
Skjer raudlauk og sukkererter i tynne strimlar, og vårlauk i bitar.
Ha rikeleg med vatn i ei gryte og kok opp. Tilsett alle grønsakene, kok opp vatnet
igjen og trekk gryta av varmen. La grønsakene trekke i ca. 1 minutt og slå av
vatnet. Ha grønsaker i suppetallerkenar, slå over suppa og legg
breiflabbkotelettane på toppen. Dryss frisk graslauk over.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar