Poke bowl er kjent som surfarane sin sushi
og er sunn gatemat frå Hawaii. Likar du sushi vert poke bowl raskt ein ny
favoritt, ingrediensane er ganske like og kan varierast i det uendelege med ris,
grønsaker og marinert sjømat.
Poke er det hawaiiske verbet for å skjere
eller kutte og til forskjell til sushi ligg risen i botnen av bollen og
grønsaker og sjømat ligg oppkutta kvar for seg på toppen. Å lage poke bowl går raskt
og det tek 15 minutt å lage denne retten.
Retten passar godt som lunsj, rask middag
eller til kveldssnacks. Pokebowl smakar ekstra godt på varme sommardagar og er
også godt no når det går mot haust. På Instagram kan du søke på #pokebowl #pokè
#pokelovers og nyte dei fine bilda av retten frå mange ulike land!
POKE
BOWL: Poke Bowl er den nye sushien. Foto: Synøve
Dreyer, Norges sjømatråd.
Ingrediensar
(4 pers)
500 g laksefilet, utan skinn og bein
4 pors fullkornris
2 mango
2 avokado
5 vårlauk
4 ss soyasaus
2 ss sesamolje
2 ss svarte sesamfrø
1 ts sriracha chilisaus
Tilbehøyr
Soyasaus
Framgangsmåte
Skjer laks i terningar. Kok fullkornsris etter anvisninga på
pakken. Skjer mango og avokado i terningar, og vårlauk i ringar. Bland saman
soyasays, sesamolje, sesamfrø og sriracha chilisaus, og vend inn lakseterningane.
Ha ris i bollane og topp med mango, avokado og laks. Server gjerne med soyasaus
ved sidan av.